Danskeigde DVS Norge kom i søkjelyset i fjor sommar, fordi bedrifta lagra oljeavfall ulovleg både i Sandefjord og Fredrikstad, i staden for å reinse avfallet i reinseanlegget på Mongstad. Miljøstiftinga Bellona frykta eksplosjon, og melde både DVS Norge og mottakaren av avfallet, firmaet Oleon, til politiet.

No tek Halliburton, med 70.000 tilsette i 80 land, over anlegget og ansvaret for å få avfallet attende og reinsa på Mongstad. Halliburton vil ikkje opplyse kva selskapet har betalt, eller fått, for å overta anlegget og ansvaret for avfallet.

Anlegget på Mongstad skal mellom anna reinse boreslam frå oljeboring på norsk sokkel, men DVS Noreg tok mot langt meir avfall enn det uferdige anlegget kunne svelgje unna.

Klima og forureiningsdirektoratet (Klif) kravde at DVS Noreg rydda opp, og flytta avfallet frå lager i Fredrikstad og Sandefjord attende til reinseanlegget på Mongstad. Det ligg framleis avfall i Sandefjord,

DVS Norge blei skipa i 2009, og har investert cirka 160 millionar kroner i å byggje reinseanlegget på Mongstad. Planen var å invester enda meir, og få inn fleire partnarar. Men selskapet har slite så kraftig med økonomien at Klif i fjor haust frykta ein konkurs.

- Dersom DVS går konkurs, må vi gå til konkursbuet for å finne pengar til å fjerne avfallet, sa seksjonssjef Harald Sørby i Klif til Bergens Tidende i fjor.

Ifølgje Halliburton vil selskapet starte arbeidet med å tømme og reinse tankane i Sandefjord så snart overtakinga av avfallsanlegget på Mongstad er godkjent av styresmaktene.