— I og med at vi har ein positiv kontantstraum og ein solid eigenkapital, så har vi eigentleg for mykje pengar, seier administrerande direktør Søren Martens i Fish Pool ASA.

Fish Pool sprang ut av energimeklarselskapet Bergen Energi i 2005, starta handel i 2006 og fekk sitt første overskot i 2009. I fjor gjekk det enda betre (sjå tabell), og hittil i år har handelen allereie passert nivået for første halvår i fjor.

Alt har gått etter planen, og alle pengane eigarane skaut inn som eigenkapital er ikkje naudsynte lenger. Eigarane tok godt i for å sikre at selskapet skulle vere solid og tillitvekkjande også om utviklinga for selskap ikkje gjekk som godt som dei vona.

- Vi hadde meir eigenkapital enn vi trong, og no kan vi ta bort litt av det flesket, seier Martens.

Fish Pool er ein marknadsplass for handel med kontraktar om kjøp og sal av prisen på laks, etter mønster av andre store råvarebørsar. Kontraktane kan handlast vidare fram til laksen skal leverast, som eit vanleg verdipapir. Deltakarane korkje ser eller må handtere laksen, det skjer andre stader.

Sikrar prisen

For oppdrettarane og kjøparane er handel på laksebørsen ein måte å redusere risikoen ved å sikre seg mot svingingar i prisen på laks dei skal levere eller kjøpe fram i tid. For oppdrettarane er Fish Pool også eit alternativ til tradisjonelle fastpriskontraktar mellom oppdrettsselskapet og ein konkret kjøpar.

Til saman står oppdrettarar, bearbeidingsindustrien og eksportørane for rundt to tredjepartar av handelen på Fish Pool. Resten står såkalla finansielle aktørar for, som kjøper og sel kontraktar nett som dei kjøper og sel aksjar.

—  Det vi driv med hos Fish Pool er vanleg på råvarer som energi og jordbruksvarer. Fish Pool gir laksenæringa tilbod om same verktøy som finst for andre matvarer, seier Martens.

I fjor vart det handla kontraktar for 3,5 milliardar kroner på Fish Pool. Det utgjer 100.000 tonn laks, tilsvarande ein tiandepart av den norske lakseproduksjonen.

- Vi trur på vidare vekst. Viss vi samanliknar med andre varebørsar, så er det typisk at ein til tre gangar den underliggjande handelen går gjennom varebørsen, seier han.

Inn i sild og makrell

Hittil har Fish Pool vore ein rein laksebørs. Neste steg er å skape ein marknad for handel med kontraktar for dei pelagiske fiskeslaga sild og makrell. Målet er å få handel med pelagiske kontraktar på plass innan eitt år.

Store prissvingar og ein vekst av handel i daglegvarekjeder i Aust-Europa har skapt ein marknad for ein børs som kan dempe verknaden av prissvingingane, meiner Martens.

I starten hadde Fish Pool konkurranse frå fiskebørsen FishEx i Tromsø, med mellom andre Sparebanken Nord-Norge, Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag som eigarar. Men i august 2008 kasta FishEx inn handkleet og avvikla.

Bergen Energi eig 20,29 prosent av aksjane i selskapet og er nest største eigar, etter Imarex ASA (43,24 prosent). GC Rieber er tredje største eigar, med 11,73 prosent.