Med intensjonsavtalen som er underskriven i dag, rykkjer datasenter-planane eit langt steg fram.

I første byggjetrinn kan det bli investert mellom ein halv og ein milliard kroner i dei tome olivingruvene på Lefdal i Nordfjord. Når anlegget er i drift er planen at det skal gi 50 arbeidsplassar. I tillegg kjem ringverknadene.

— Vi reknar med at det til saman vil bli skapt 250 nye arbeidsplassar innan fem år, seier Sindre Kvalheim, administrerande direktør i LocalHost Holding, som eig selskapet Lefdal Gruve.

Datakraft

Han rekna med at dei første kontraktane vil vere på plass i løpet av året.

LocalHost har utvikla ein metode der sjøvatn blir brukt for å kjøle ned dei store datamaskinene. Metoden halverer straumrekninga i høve tradisjonelle luftkjøling, og er alt teken i bruk i selskapet sitt anlegg i Måløy.

Der leiger bedrifter plass på LocalHost sine store datamaskiner. No skal metoden takast i bruk i stor skala, mellom anna av banka, forsking- og statsinstitusjonar, som treng mykje datakraft.

Arbeidet med å ta i bruk gruva som datasenter har gått føre seg over fleire år. I tillegg til tilgang til sjøvatn til kjøling, har olivingruva den fordelen at den er tørr, stabil og kjølig. I tillegg går Telenor sitt kabelnett går rett forbi og det er god tilgang på elektrisk kraft.

Større enn Lærdalstunnelen

Gruva ligg tom og klar, med gangar på 27 kilometer og ei høgde på 18 meter. Volumet i gruva er 10-20 prosent større enn Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel.

Gruva som no kan bli vekt til live igjen ligg i Lefdalsbygda ved Nordfjorden, omtrent midt mellom Nordfjordeid og Måløy.

Gruva inneheld olivin, eit industrimineral som mellom anna blir brukt i råjernindustrien. North Cape Minerals varsla i 2009 fem års driftskvile i anlegget.