Det er klart etter at Midtfjellet VIndkraft AS i dag vedtok byggestart for første del av den store vindparken i Fitjarfjellet, ei investering på rundt 700 millionar kroner som kan forsyna 9000 husstandar med elektrisitet.

— Det er omtrent som å koma i mål etter ein maraton, seier Ole Vidar Lunde, sjef for Fitjar Kraftlag som no har redusert sin eigardel frå 50 til 33 prosent etter at Østfold Energi og Vardar Boreas overtok Dong Energy sin aksjepost i sommar.

14 år

Det er snart 14 år sidan Fitjar Kraftlag sette opp den første vindmålarmasta i Midtfjellet på platået like ovanfor Fitjar sentrum.

— Den målinga viste overraskande gode vindforhold. Dette er eit godt prosjekt som gir ein god energi, seier Lunde.

— Ja, det er eit solid prosjekt, seier Tommy Fredriksen frå Østfold Energi, ny styreformann i vindparkselskapet som i dag ser MIdtfjellet for første gong, frå helikopter. Østfold Energi og Vardar er frå før engasjert i Mehuken vindkraft i Vågsøy, blant anna.

Midtfjellet Vindkraft fekk statleg konsesjon alt i februar 2007, men har blitt utsett i påvente av statstilskot. Lokalt er det etablert ei aksjonsgruppe mot prosjektet, trass kommunestyrefleirtal for utbygginga.

— Har vore tøft

— Det har vore tøft å oppleva kritikken til tider, men eg har heile tida vore trygg på at dette er eit godt prosjekt, seier Ole Vidar Lunde. Han seier at kraftanlegget vil halda seg til dei støykrava styresmaktene har sett, og finn ikkje at det er dokumentert at såkalla lågfrekvent støy frå vindmøllene skal vera eit problem.

Anleggsarbeida i vindparken på Fitjar har så smått starta. 1.januar 2013 vil første byggesteg vera klart for produksjon frå alle sine 18-23 vindmøller, som blir opptil 130 meter høge. Kontrakten på vindmøllene er ikkje ferdigforhandla.

— Men vi kjenner kostnadsnivået. Og dei første møllene kan setjast i produksjon etter kvart som dei blir monterte, den første er om lag eitt år unna, seier Ole Vidar Lunde.

Jobb til 25-50

I byggeperioden vil 25-50 personar vera sysselsette i prosjektet, ifølgje utbyggjaren. Entreprenørselskapet Reinertsen AS har fått kontrakt på byggearbeida. Parallelt med bygginga av vindparken skal Sunnhordland Kraftlag leggja ei 300 kilovolt kraftline over Fitjarfjellet til Børtveit på Stord for å få ut årsproduksjonen på i alt 180 GWh vindkraft.

— Fase 2, som blir litt mindre enn fase 1, vil vi ta stilling til når den svensk-norske sertifikatmarknaden for grøn energi er etablert, seier Lunde og Fredriksen.

Av utbyggingskostnaden på 700 millionar kroner i første byggesteg utgjer statstilskotet frå Enova 346,5 millionar kroner. Den tilskotsordninga er avslutta i påvente av sertifikatsystemet.

GRØNT LYS: I dag klarerte Tommy Fredriksen til v. og Ole Vidar Lunde og resten av styret i Midtfjellet Vindkraft storutbygginga av vindkraft i Fitjarfjellet.
OVE OLDERKJÆR