I over to år har Fitjar Kraftlag og danske Dong Energy sitt 150 megawatt-prosjekt i Midtfjellet hatt godkjenning, men mangla finansiering. Fitjar kommunestyre har også godkjent dei opptil 46 vindmøllenen som skal kneisa i fjellet ovom Fitjarbygda.

22.500 husstandar

Midtfjellet vindpark har til og med gjort avtale med entreprenøren som skal gjera grunnarbeidet for vindanlegget som kan produsera nok straum til å forsyna 22.500 husttandar.

— I dag er eg sikkert ein av dei lukkelegaste i Fitjar. Dette har me venta på. Om ein månad er det 13-årsjubileum sidan me starta prosessen, seier kraftlagssjef Ole Vidar Lunde i Fitjar Kraftlag.

— Er Enova-støtta på 346,5 millionar kroner nok til å gje startsignal?

Første byggjesteg

  • Det skal me no vurdera. Midtfjellet kan byggjast ut i to byggjesteg, og me vil i så fall nytta pengane i det første byggjesteget, seier Lunde.

- Kva skjer vidare no?

— Me må få støtta verifisert av Eftas overvakingsorgan ESA. Den prosessen vil Enova køyra, sidan all statsstøtte må godkjennast. Dette vil ta noko tid. Deretter må me få undersøkt kalkylane våre gjennom ein anbodsrunde. Då kan me eventuelt gjera eit vedtak om å setja i gong, seier Ole Vidar Lunde.

- Kva tid kan de då vera i gong?

— Optimistisk trur eg me kan vera i gong i juni eller juli neste år.

— Korleis er nyhendet motteke?

— Me har heist flagget og tinga kake, som seg hør og bør. Dessutan skal me ha hyggjeleg 75-årsfest for kraftlaget til helga, seier Lunde.