Oppdrettselskapet Grieg Seafood Group kuttar utbyttet i år etter underskotet i fjor.

Selskapet jobbar og med å få på plass ny finansiering som skal erstatte eit kortsiktig lån på 200 millionar kroner, som blei tatt opp i november i fjor.

Det nye lånet skal tilføre selskapet minst 400 millionar kroner.

Fallande laksepris i fjor er hovudårsaka til det svake resultatet i fjor. Selskapet tente mindre på laksen som blei slakta og måtte og skrive ned verdien på fisk i sjøen.