«Storen» blir namnet på den nye kjempekranen som Kværner Stord har reist på verftsområdet. Det har ein jury bestemt etter at det kom inn over 2500 namneforslag, heiter det i ei pressemelding frå Kværner.

Den 115 meter høge traverskranen Storen til 350 millionar kroner erstattar Goliat, den 50 meter lågare kranen som verftet kjøpte i 1969 for å løfta seksjonar til supertankarar. Goliat blir fjerna når Storen er operativ utpå vinteren.

131106 Kranen oppe.jpg
STATOIL

Om to veker skal den finskproduserte installasjonen døypast. Tusen namneforslag kom inn til juryen, der Stord-ordførar Liv Kari Eskeland var med saman med verftsrepresentantar og ein namnekonsulent. Til sist blei Anne Grete Sandtorv, leiaren i Stord næringsråd, sitt forslag valt, etter at det frå verftstilsette og lokalsamfunn kom inn framlegg som Herkules, David, Hulken, Atlas, Kranek, Samson — og Goliat.

Traverskranen på Kjøtteinen er godt synleg også frå Leirvik. Han har ein løftekapasitet på 800 tonn, og er med 153 meters breidde og 115 meters høgde Nord-Europas største i sitt slag.