Mange gonger har eg sett godt brukbare saker bli kasta på bossfyllingane.

Snop i konteineren

Eg har sett flotte skap, gamle bøker, antikvitetar og anna snop bli lempa inn i konteinarane. Saker eg kunne hatt nytte av, men som det ikkje har vore lov å ta med seg frå bossplassen.

På veg ut til gjenvinningsstasjonen til BIR på Ravnanger, tenkjer eg at dette skal eg snakka med dei om.

Og kva ser eg? Her har dei nett det eg har drøymt om. Dei har ein brukthall der kundane kan setja frå seg det dei trur andre kan ha nytte av.

— Ja, her får vi inn mykje rart. Både flotte saker og anna. Folk kan sjølv plukka med seg det dei vil. Det går mest i møblar, sportsutstyr, nips, bøker, koppar og kar, seier kunderettleiar Elisabeth Jensen.

Då vi kjem inn i brukthallen er det heller slunkent, men Jensen fortel at det ofte er stappfullt av varer.

— Om laurdagane er det alltid mange folk her. Stundom er det slik at folk nesten tar sakene før dei er komen av tilhengarane. Kvar måndag ryddar vi lokalet for det som folk ikkje vil ha, seier Jensen.

Spela Nitendo, knuste flatskjermen

Kunderettleiar Ole Olsen fortel at det kjem inn mange brukte fjernsyn, men dei er det nesten ingen som vil ha.

- Får de inn mange flatskjermar og?

— Berre ein gong har eg sett ein flatskjerm her, men då var skjermen litt knust. Han som kom med den, fortalde at han var blitt litt ivrig då han spela Nitendo Wii. Då rauk skjermen til, seier Ole Olsen.

— Fant flott spisebord

— Dette er veldig positivt. Eg har funne eit flott matbord i furu her, to salongbord og mange bøker, seier Henning Myrmel frå Bakarvågen. Han er innom brukthallen for å setja frå seg noko han ikkje har brukt for sjølv.

BIR har brukthall både på Ravnanger og på gjenvinningsstasjonen på Espehaugen.

- Kjem det på dei andre stasjonane til BIR og?

— Vi har eit ønskje om å få til fleire brukthallar. Det skal vi sjå på når vi utarbeider nye stasjonar, seier konstituert kommunikasjonssjef Mette Nygård Havre i BIR til bt.no.

Godt besøkt av innvandrarar

På Askøy fortel dei at brukthallen er populær, ikkje minst er den godt besøkt av innvandrar. Det er kundane som sjølv avgjer om dei vil setja saker inn i brukthallen, men bossfolkene oppmodar dei om å gjera det.

På veg ut av hallen møter vi Tom Hestad frå Florvåg. Han kjem trillande inn med to flotte syklar; ein herresykkel og ein type dame. Sjølv har dei kjøpt seg nye.

— Eg kunne ha kasta dei i metallskrapet, men tenkte kanskje nokon andre kunne gjera seg nytte av dei. Dette er eit godt tiltak, seier Hestad, før han lesser ei barnevogn av hengaren og kjem inn med den og.

Steikje fin sykkel

I bilen på veg attende til Bergen, nemner eg dette med sykkelen.

— Den var jo veldig fin, betre enn den eg har heime, seier eg

- Du skal ikkje ha den då? spør videojournalist Alice og ser rett på meg.

Eg nikkar og ho snur.

Nokre små minuttar seinare kjem eg ut frå brukthallen.

Eg, ein innvandrar frå Hardanger. Lukkeleg trillande med ein ny sykkel. Type herre.

KOM MED SYKLAR: Tom Hestad leverte inn både syklar og barnevogn i brukthallen.
PÅL ENGESÆTER
- VELDIG POSITIVT: Henning Myrmel har nytta seg av brukthallen mange gonger.
PÅL ENGESÆTER
SLUNKENT: Då vi var innom var det god plass til fleire varer i Brukthallen.
PÅL ENGESÆTER
NOKON SOM KAN HA NYTTE AV DENNE? Juan Lugve set frå seg vasken i brukthallen. Kanskje nokon ser si mon i den?
PÅL ENGESÆTER
SYKKELSNOP: Såpevask, litt 5-56 og kjedeolje, så er den så god så ny. Journalist Pål Engesæter har fått seg bruktsykkel.
ALICE BRATSHAUG