— Finland greier seg ikkje utan eksport, det er grunnlaget for vår velstand. På den andre sida har den dynamiske norske industrien behov for vår kunnskap blant anna innan teknologi. Det gir ein perfekt match, seier Finlands ambassadør til Noreg, Maimo Henriksson.

Onsdag var ho med på å kasta glans over Wärtsilä-konsernets nyetableringar i Sunnhordland. Ved E39 på Heiane på Stord har det finske storkonsernet investert 350 millionar kroner i nytt testsenter og administrasjonsbygg. Med det viser selskapet at det har tenkt å bli på Vestlandet, trass i utflagging av propellproduksjon og avvikling av skipsservice dei siste to åra.

- Ekstremt viktig

— Den norske marknaden er svært viktig for oss, særleg innan berekraftig marineindustri. Noreg representerer verdas nest største offshoremarknad, og er ekstremt viktig for oss, seier konsernsjefen i Wärtsilä, svenske Björn Rosengren (54). Han var også til stades på testsenteropninga, som i tillegg var ein kundekonferanse med tema berekraftige operasjonar til havs.

Av Wärtsilä Norway sine 1200 tilsette arbeider om lag 750 på Bømlo, Stord og Fitjar. Wärtsilä fekk norsk fotefeste med overtakinga av den konkursramma Wichmann Motorfabrikk i Rubbestadneset på Bømlo i 1986.

Etablert i sagbruk

Konsernet blei etablert i eit sagbruk i Karelen i 1834. I dag har 180-årsjubilant Wärtsilä 18.700 tilsette i 70 land, er børsnotert i Helsingfors, og har det finske verktøykonsernet Fiskars som største eigar. Omsetnaden i fjor var på 38,5 milliardar kroner, overskotet på 4,2 milliardar.

Wärtsilä opplevde eit fall i ordreinngangen etter finanskrisa i 2008, og måtte blant anna skrinleggja planane om ein ny, stor fabrikk ved Kværner Stord.

— Vi må sjå på verksemda vår heile tida, levera resultat og bli meir lønsame. Den norske offshoreaktiviteten er hovudgrunnen til at vi har bygt opp styrken vår på kysten her, seier konsernsjef Rosengren, som i 2011 kom over frå Atlas Copco for å leia konsernet som i dag opererer globalt innan skipsmotorsystem og kraftteknologi.

Vil ha berekraft

— Vi ønskjer å ta del i utviklinga av meir berekraftige løysingar i marinesektoren. Med satsing på innovasjon og ein kombinasjon av dei beste løysingane skal Wärtsilä bidra til å optimalisera drivstofforbruket. Ser vi inn i framtida, er det klart at naturgass, LNG, er blitt hovudkomponenten for ein berekraftig skipsfart. I USA blir no nesten alle skip bygte med gassdrift som følgje av låge gassprisar, seier Björn Rosengren.

Sveinung Hansen, toppsjef for Wärtsilä Norway, ser optimistisk på framtida for selskapet i Sunnhordland.

— Det spennande med Wärtsilä er at det er ein global organisasjon. Det er rom for vekst også i Sunnhordland, men det er avhegng av kor dyktige vi er, seier Hansen.