Styreleiar Ole-Eirik Lerøy i Marine Harvest nekta å la statens konkurrerande bod på Cermaq-aksjane forstyrre den offisielle opninga av selskapet sitt nye hovudkontor i Sandviken i Bergen i dag, 20.juni.

— Her blir det svar på ei rekkje spørsmål, om alt anna enn det som har med Cermaq å gjere, sa Lerøy då han ønskte gjestene velkommen.

Etter at festivitasen var vel i gang, kom han litt meir på gli og erkjenner at staten må med om Marine Harvest skal få det som det vil.

— Det er ei industriell løysing vi etterspør, og den treng ei løysing med departementet. Heile ideen her er å slå sammen desse selskapa til eit industrielt lokomotiv, seier Lerøy.

Klart signal

Statens bod på Cermaq-aksjene kom i dag tidleg.

Nærings- og handelsdepartementet legg inn eit konkurrerande bod på fiskefôr- og oppdrettselskapet Cermaq, som Marine Harvest lenge har arbeidd for å få kloa i.

Frå å eige litt over 40 prosent av aksjane vil departementet no kjøpe seg opp til å eige mellom 55 og 65 prosent i Cermaq. Det er eit klart signal om at departementet ikkje vil la Marine Harvest bli den nye største eigaren i selskapet.

Styret i Cermaq meiner bodet frå Marine Harvest er for lågt, og har leita etter alternative kjøparar. Utanlandske investorar har lagt fram bod på fiskefôr-verksemda til Cermaq, og no kjem altså staten sjølv på banen.

Nærings— og handelsdepartementet byr på Cermaq-aksjane etter ein litt uvanleg metode. I staden for å by ein fast sum pr. aksje, invitererer departementet moglege seljarar til å opplyse kva pris dei vil ha for å selje. Tilbodet om å selje står fram til mandag 24. juni klokka 16.30.

Bodfrist i dag

Marine Harvest har allereie bydd resten av aksjonærane 104 kroner per aksje, og lova å stå ved bodet så sant selskapet for hand om minst ein tredjepart av aksjane i Cermaq.

Fristen for å svare på Marine Harvest sitt bod går ut i morgon, 21. juni, klokka 0900, og Lerøy lovar ei børsmelding straks resultatet er klart.

Han vil ikkje svare på om aksjonærar som alt har sagt ja til å selje til Marine Harvest har høve til å trekkje seg, og helder velje å selje til staten for ein høgare pris.

— Det har eg ikkje lyst til å gå i detaljar om, seier Lerøy.