Med dette søksmålet går Norsk Tillitsmann — som representerer långivarane - til åtak på millioninntektene til rigginvestoren Berge Gerdt Larsen og familiens heileigde selskap.

Fleire selskap i Larsen-sfæren slit med milliardgjeld. Fram til no har striden om gjelda avgrensa seg til kven som skal ha kontrollen over gjeldstunge og kriseråka oljeriggselskap. I desse selskapa spelar Berge Gerdt Larsen ei sentral rolle, men berre som ein av fleire eigarar.

Kravet mot Larsen Oil and Gas Limited er fremja for Bergen ting-rett.

Lånte 1,7 milliardar

Bakgrunnen for kravet er eit lån på 300 millionar dollar, cirka 1,7 milliardar kroner, som det børsnoterte selskapet riggselskapet Petromena tok opp i november 2007. Larsen er medeigar i Petromena.

Som ekstra tryggleik for å gi lånet fekk långivarane pant i ein del av inntektene Larsen Oil and Gas Limited får for å administrere den eldre boreriggen «SS Petrolia». Riggen er utleigd til det meksikanske oljeselskapet Pemex.

Pengane skulle settast på ein eigen konto, men etter 14. januar i år stoppa pengestraumen inn på kontoen opp, ifølgje framstillinga frå Norsk Tillitsmann.

Det er desse pengane selskapet no vil ha tak i. Ut frå framstillinga frå Bergen tingrett utgjer kravet pr. i dag mellom 250 og 280 millionar kroner.

Strid på tre kontinent

Lånet er eit såkalla obligasjonslån, der investorar låner direkte til selskapet på avtalte vilkår i bytte mot eit gjeldsbrev (ein obligasjon).

Pengane skulle brukast til å byggje tre nye boreriggar, men finanskrisa øydela marknaden. Petromena greidde ikkje å oppfylle vilkåra i låneavtalen slik Norsk Tillitsmann såg det.

Norsk Tillitsmann erklærte lånet misleghalde 3. april i år. Dermed starta ein omfattande strid, der riggverftet, långivarane og Petromena har kjempa i retten i både Singapore, New York, Oslo og no også Bergen.

Det viktigaste stridstemaet er avklart. Dei tre nye riggane som blei bestilt er eller vil bli selde slik långivarane og etter kvart også verftet ynskte.

Larsen-siger i retten

Norsk Tillitsmann har tidlegare i år gått til retten i Oslo og prøvd å slå Petromena konkurs.

Forsøket mislukkast fordi retten meinte Petromena sine advokatar hadde rett i at Norsk Tillitsmann ikkje er part i saka, og dermed ikkje kan krevje konkurs. Det må eventuelt långivarane gjere sjølve.

I Bergen brukte Larsen Oil and Gas sine advokatar liknande argumentasjon i høve til kravet mot Larsen Oil and Gas.

Men Bergen tingrett konkluderte i eit vedtak 5. november med at Norsk Tillitsmann er part i saka og kan saksøkje Larsen Oil and Gas.

Dette vedtaket er anka til lagmannsretten.