Gigantkontrakt i vasken for Stord
Aker Stord får ikkje den ettertrakta jobben med Goliat-utbygginga. Kontrakten skulle sikre tusenvis av arbeidsplassar.
AV: ogne øyehaug
Oljeselskapet Eni og samarbeidspartnaren Statoil har gjeve koreanske Hyundai Heavy Industries oppdraget med å byggje ein flytande produksjonseining til bruk på Goliat-feltet.
Goliat-utbygginga er ein av tre store prosjekt den norske oljebransjen vona skulle fylle ordrebøkene og sikre arbeidsplassane i år.
- Vi er skuffa, seier Aker Solutions, eigaren av Aker Stord, i ei pressemelding.
Oppdraget ville sikra 7000 årsverk og gjeve oppdrag til ingeniørar i Oslo og arbeidarar på Stord og i Egersund, i tillegg til at Aker Solutions sin samarbeidspartnar Samsung Heavy Industries ville fått jobben med å byggje bustadanlegget.
Blander seg ikke
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen vil ikkje blande seg inn i kampen om dei nye gigantkontraktane på norsk sokkel.
- Eg som statsråd kjem ikkje til å gå inn og prøve å overta avgjerdene som oljeselskapa skal gjere, sa Terje Riis-Johansen, som representerer Senterpartiet, til BT 31. januar.
- Eg kjenner ikkje tilboda som dei ulike leverandørane har kome med, og kan sjølvsagt ikkje gå inn og vedta noko. Det trur eg heller ikkje det er så mange som forventar, seier han.
20.000 jobbar i fare
Den norske oljeserviceindustrien har venta på tildelinga av kontraktar på tre gigantiske byggeprosjekt på norsk sokkel: Ekofisk, Goliat og Gudrun/Sigrun. No er altså Goliat avgjort.
Kontraktane har ein samla verdi på rundt 140 milliardar kroner. Dersom arbeida går til utlandet eller blir utsett (Gudrun/Sigrun), kan i verste fall 20.000 jobbar forsvinne frå norske verft og ingeniørverksemder dei neste to åra, ifølgje Norsk Industri.
- Min bodskap til oljeselskapa no er at dei må tenkje langsiktig, seier Terje Riis-Johansen.
- Samarbeidet mellom den norske leverandørindustrien og oljeselskapa har gjennom ei årrekkje bidratt til meirgevinst for begge partar. Dette fellesskapet må oljeselskapa ta med seg, seier han.
Les også
Les også
Siste fra Økonomi
Relaterte bilder
Mest lest på økonomisiden
Rekrutteringsselskaper
Valutaer, børser og olje
| Valuta | +/- | Siste |
|---|---|---|
|
|
-0,01 | 6,02 |
|
|
+0,00 | 0,84 |
|
|
-0,03 | 7,53 |
|
|
-0,03 | 9,42 |
| Børs | +/- % | Siste |
|---|---|---|
|
|
+0,09% | 392,17 |
|
|
-0,23% | 12 502,43 |
| Olje | +/- | Siste |
|---|---|---|
| Nordsjø | +0,43 | 106,98 |
I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer
Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer
Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer
Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer
Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer
Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer
Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer


