Fjord 1 nådde eit resultat før skatt i 2010 på 268 millionar kroner mot 98 millionar kroner året før, skriv Stavanger Aftenblad i dag. Sjølv om 140 millionar av resultatet skriv seg frå sal av aksjar og eigedom kan seskapet visa til framgang i inntening frå drifta.

— Det er drifta av gassferjene i Rogaland og Hordaland som er sjølve navet i sjødelen av selskapet, seier konsernsjefen Leif Øverland, som legg til at bussdrifta også går med bra resultat.

Men på Aftenbladets spørsmål om kor stor innteninga er på drifta av gassferjene over Boknafjorden svarar Øverland at av konkurransemessige grunnar vil han ikkje røpa resultat frå drifta av einskilde ferjestrekningar.

8,6 millionar køyretøy

Selskapet omsette i fjor for 3023 millionar kroner og hadde eit samla driftsresultat før avskrivingar, nedskrivingar og renter (Ebitda) på 631 millionar kroner. Dette talet enda på 578 millionar kroner året før. Fjord 1 har frakta 8,6 millionar køyretøy i 2010 og 27 millionar passasjerar på sjø og land.

— Me er nøgde med reduksjonen som me oppnådde i fjor på oversitjande bilar med 9,4 prosent. Dette skal bli enda betre mot slutten av året . Da blir ny ferje sett inn i Boknafjordsambandet, seier Øverland.

Oljeprisen svir

Konsernsjefen peikar på den sterkt stigande oljeprisen som ei stor utfordring for drifta av selskapet i tida framover.

— Prisane har stige med 33 pst berre det siste halve året, seier Øverland.

Selskapet har i 2010 styrka eigenkapitalen med 319 millionar kroner. Dette har skjedd gjennom sal av aksjar og eigedom, betre inntening og omgjering av ansvarleg lån til aksjekapital.

— Dette var heilt nødvendig for å styrka selskapet sin handlefridom og konkurransevne, seier Øverland, som legg til at selskapet må driva enda meir effektivt i tida framover .

Tide vil kjøpa

Fjord 1 går ei spennande tid i møte ettersom Møre og Romsdal fylkesting i neste veke skal avgjera om dei skal selja 41 prosent av aksjane i Fjord 1. Det har meldt seg tre aktuelle kjøparar, Tide, Torghatten og offshorereiarlaget Havila.

— Vår strategi er å satsa vidare som ein leiande aktør i rutegåande sjøtransport, seier konsernsjef Øverland, som legg til at Fjord 1 er i dag leiande på drift av miljøvennlege fartøy med gassmotor.

— Her vil me halda på førarposisjonen i tida framover, seier konsernsjefen i Fjord 1.

Færre busselskap

Når det gjeld bussdrift har ikkje konsernsjefen dei same høge ambisjonane.

— Det kjem til å bli samling i færre selskap innan bussdrift i Norge. Fjord 1 skal vera med men ikkje som leiande aktør. Det har me ikkje kapital og finansiell styrke til.

Me vil i samråd med våre tillitsvalde setja opp ei liste over dei partnerar me ønskjer å gå saman med på bussida i dei komande konkurransane om å vinna anbod, seier Øverland. Men han vil ikkje avsløra kven som står på den aktuelle lista.

Sei meininga di i kommentarfeltet under!