Gasselskapet sitt gassdrivne tankskip er nesten aldri på ferjekaien.

Då gassferjene blei introduserte i sambandet Halhjem–Sandvikvåg i 2007 hadde naturgassleverandør Gasnor AS ei målsetjing om å nytta gassdrivne køyretøy for å fylla lagertankane på Halhjem-kaien. Fem år etter–og i dag med ei fjerde gassferje i drift på Bjørnafjorden–er målet langt frå nådd.

— Vi brukar tidvis ein gassdriven tankbil på ruta, men det har vore ein del barnesjukdommar med den, seier kommunikasjonssjef i Gasnor AS, Leiv Arne Marhaug.

Forbrenning av naturgass gir 20–30 prosent mindre utslepp av klimagassen CO2 enn diesel, i tillegg til store kutt i utslepp av helseskadeleg nitrogenoksid (NOx) og svoveldioksid (SO2).

Tur på åtte mil

Trailerturen frå Gasnor sitt anlegg på Kollsnes i Øygarden via Nesttun til Halhjem er vel åtte mil. Dagleg går det også ei dieseltankvogn med naturgass den vel fem mil lange distansen frå Gasnor på Karmøy til Arsvågen ferjekai, der Fjord1 sine tre gassferjer på Boknafjorden blir forsynte direkte frå tankbil.

— Samanlikna med gassmengdene vi transporterer er det forsvinnande små mengder diesel tankbilane brukar, seier Leiv Arne Marhaug.

Scan Tank Gass AS står for naturgasstransporten mellom Kollsnes og Halhjem for Gasnor. Driftsleiar Steinar Karlsen har på vegner av transportselskapet i lang tid samarbeidd med Volvo for å finna eigna vogntogmateriell som går på naturgass.

— Som eit første steg har vi i år skaffa oss den første bilen som kan gå på både gass og diesel, og har nådd 70 prosent bruk av naturgass på den, seier Karlsen.

— Hovudmålet er å kunna køyra på miljønøytral biogass eller biodiesel, men før det håpar vi verkeleg å kunna køyra meir på naturgass. For å ta meirkostnader på opp mot 400.000 kroner pr. vogntog, kunne vi tenkt oss meir føreseielege rammevilkår når det gjeld avgiftspolitikken. Er det politisk vilje, så skal vi få dette til, seier Steinar Karlsen, og viser til ei offensiv satsing i USA på dette feltet.

Gassbåt to gonger

Leiv Arne Marhaug i Gasnor AS understrekar at selskapet har eit sterkt ønskje om at gasstransporten må bli meir miljøvennleg enn i dag. Blant anna ser den Shell-eigde gassdistributøren på ei omdisponering av det chartra gassdrivne gasstankskipet «Pioneer Knutsen».

— Vi disponerer eitt stort og eitt mindre gasstankskip, og håpar å kunna nytta den største båten meir på dei lengste leveransane på kysten slik at den minste oftare kan gå til for eksempel Halhjem, seier Marhaug. «Pioneer Knutsen» har motorar som går på same drivstoff som det transporterer – nedkjølt, flytande naturgass (LNG), men har i år berre to gonger vore på Halhjem og fylt opp lagertankane som gassferjene bunkrar frå.

«Selskapet jobber kontinuerlig med å forbedre sine miljøprestasjoner innen produksjon og transport. Samlet bidrar selskapet med en netto miljøgevinst til samfunnet gjennom monalege utslippsreduksjoner av SO2, NOx, partikler og CO2 hos stasjonære kunder og innen transportsektoren (busser og skip) ved at kunder går over fra oljeprodukter til naturgass», skreiv Gasnor i årsmeldinga for 2010, og lovar å halda fram arbeidet for å «få økt forståelse i Norge for naturgassens fordeler, og tar fortsatt sikte på å være pådriver og ha en fremtrendende rolle i utbygging av forsyningsløsninger for naturgass i landet.»

Kva meiner du om transporten?