— Anleggeter konkurranseutsett. Det må stå på eigne bein, seier Arne Sigve Nylund. Han erleiar for Statoil sine landanlegg, mellom dei det kriseråka oljeraffineriet påMongstad.

I tredje kvartal i år skreiv Statoil ned verdien på anleggetfor tredje gang på to år. Til saman er verdien skrive ned med 9,2 milliardarkroner, fordi Statoil er blitt stadig meir pessimistisk med omsyn til lønsemdai raffineribransjen.

— Marknadenhar dramatisk forverra seg for raffineribransjen etter finanskrisa i 2008,seier Nylund.

Omkamp om eigedomsskatt

På toppen av ein dårleg marknad, fryktar Statoil at vilkårafor å drive raffineri i Noreg blir forverra i åra som kjem.

Eitt vilkår er allereie blitt verre, eigedomskatten tilLindås kommune blir auka frå cirka 30 til 90 millionar kroner årleg. Einjuridisk dragkamp mellom partane enda med forlik, men no ber Nylund om einprat.

— Det er viktig for oss å vere opne i høve til utfordringavåre. Det gjeld og eigedomsskatt, og vi må kunne gå inn i ein ærlegdialog med kommunen, seier Nylund.

Statoil fryktar og at regjeringa vil endreavskrivingssatsane for slik anlegg som oljeraffineriet, frå 20 til fireprosent. Konsekvensen av ei slik omlegging vil bli ein monaleg høgareskattebelastning no, i staden for seinare. Investeringskostnadene blir rett ogslett tyngre i starten, og det dempar investeringslysta.

To miljøtiltak kan og ramme raffineriet.

Det eine gjeld krav om at elektrisk kraft skal leverast fråsåkalla grøne kjelder, elles må det kjøpast grøne sertifikat, ei avgiftsordningsom skal stimuler til produksjonen av fornybar energi. Ifølgje Nylund vilsvenske raffineri sleppe dette pålegget. Det andre gjeld avgift på forbrenningog bruk av naturgass. Til saman vil desse ordningane gi raffineriet minst 45millionar kroner i ekstra årlege kostnader.

Kutte 500 millionar

Dei tre siste åra har Statoil investert ni milliardar kronerpå raffineriet. No må det kuttast.

Innan 2014 skal driftskostnadene kuttast med minst 500millionar kroner i året. Det betyr mellom anna færre innleigde konsulentar ogentreprenørar, og frigjering av fagfolk frå administrative oppgåver slik at dikan blir meir tid på den fysiske oppgåvene.

Samstundes jaktar raffineriet på større inntekter. Målet er350 millionar kroner ekstra årleg innan 2012. Det handlar mellom anna å vriproduksjonen over til meir lønsame produkt.

Men alt handler ikkje berre om kutt.

Statoil har nettopp avgjort å investere kring ein milliardkroner i å betre arbeidsmiljøet på koksanlegget på raffineriet, ei investeringsom vart utsettetter nedskrivinga i fjor.