— Dette er ei eigedomsinvestering, seier styreleiar Knut Herman Gjøvaag i Frydenbøgruppen.

Etter mange månader med samtalar har dei no signert kjøpsavtalen på ærverdige Dr. Holms på Geilo. Den formelle overtakinga skjedde torsdag denne veka.

Frydenbø har kjøpt både eigedom- og driftsselskapet. Trass i at dei ser det som ei eigedomsinvestering skal dei drive hotellet sjølv.

— Ja, pr. i dag skal vi drifte hotellet, så får vi vurdere framover. Men vi har ingen intensjonar om noko anna, seier han.

Hemmeleg pris

Frydenbø har kjøpt hotellet saman med Berland Invest (Harald Berland) og selskapet Nallow (Bjørn og Terje Wollan).

— Vi har 50 prosent og dei to andre har 25 prosent kvar, seier Gjøvaag.

Det har vore spekulert tidlegare om at prisen for hotellet ville bli mellom 200 og 250 millionar kroner.

Det vil Gjøvaag ikkje kommentere, og seier kjøpar og seljar har blitt samde om å halde prisen hemmeleg.

Han seier dei har planar om å ruste opp hotellet.

— Vi har store planar om å utvikle hotellet vidare, seier han.

Nye leilegheiter

Dei har allereie vore i samtalar med kommunen om å få byggje eit nytt tilbygg, som skal huse 25 nye leilegheiter som skal seljast.

Nokon av Norges aller rikaste har leiligheiter på Dr. Holms. Mellom dei tankskipsreiar John Fredriksen og tvillingdøtrene Cecilie og Kathrine, somsit på totalt tre leiligheiter. Andre som har leiligheiter her er reiarfamiliane Rieber og Odfjell fraBergen.

— Vi har bedt kommunen om oppstartsmøte, og vonar at reguleringa er klar på vårparten. Dermed kan vi byrje salsarbeidet, seier han.

I tillegg varslar Gjøvaag at dei vil fornye og få opp standarden på den eldre delen av hotellet.

I tillegg til hotellet har seljaren Stig Fische òg seld Fische Marine AS med tilhøyrande eigedom på Hurum til Frydenbø AS.

Fische Marine har importen av båtmotormerket Evinrude i Norge, Sverige og Finland