Staben var permittert og sendt heim. No må Oma til Polen for å få nok folk.

— Hausten i fjor tung, seier Oma, tredje generasjons leiar for det familieeigde snøggbåtbyggjeriet like ved Leirvik sentrum på Stord.

Permitteringane gjorde Oma Båtbyggeri til ein av dei største jobbkuttarane i Sunnhordland i fjor.

I dag har verftet tre kontraktar, 35 eigne tilsette og 20 innleigde arbeidarar i tillegg.

I tidlegare oppgangstider for firmaet har Gustav Oma alltid kunne leige inn ekstrahjelp frå andre firma i området. Det går ikkje no, for alle treng folka sine til eigne oppdrag.

Oma valde å gå til arbeidskraftutleigefirmaet Adecco, som henta folk frå Polen.

— Eg synest det fungerer veldig bra, seier Oma.

Arbeidsløysa i Stord var heile 5,7 prosent så seint som i august i fjor.

Men så snudde det. Ved årsskiftet 2005/2006 hadde arbeidsløysa falle til 3,3 prosent. Fallet har halde fram i år, og er no nede i 2,5 prosent.