Øverland kjem frå ei leiarstilling i Hurtigruten ASA.

Øverland er i dag produktdirektør i Hurtigruten ASA, eit selskap der han tidlegare har hatt andre leiande stillingar.

Den nye toppsjefen i Fjord1 har også ei fortid som administrerande direktør for Oslotrikken AS, og har vore tilsett i NSB.

Leif Øverland etterfølgjer Olav Smørdal som ønskjer å trappe ned. Det er ikkje klart kor tid Øverland tek over som konsernsjef.

Fjord 1 er eitt av dei største trafikkselskapa i landet. Selskapet såg dagens lys etter at dei to fylkeseigde transportselskapa Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar slo seg saman. Konsernadministrasjonen til Fjord1 er i Florø.