Eit av dei største fotokonserna her i landet, Foto Knudsen i Bergen, har store økonomiske problem. Dei tilsette har ikkje fått løn for januar.

— Eg vil ikkje gje for mange kommentarar, for vi er i ein prosess der vi restrukturerer og refinansierer oss, seier eigar og administrerande direktør Ole Bjørn Knudsen.

- Men det må jo vere ganske ille når de ikkje har pengar til å betale lønningar?

— Eg vil ikkje kommentere enkeltdelar, men det er klart at det faktumet betyr at vi er noko pressa. Å halde igjen lønningar er ikkje noko vi gjer gjerne.

Har endra namn

Etter det BT kjenner til er selskapet i samtalar med både bankar og investorar for å få på plass ei løysing. Knudsen vil ikkje kommentere det, men seier målet er å ha ei løysing på plass neste veke.

Han stadfester at det har vore diskutert å permittere tilsette, men at det ikkje er aktuelt no.

Hovudselskapet Foto Knudsen AS endra namn 1. februar til Fyllingsdalen Foto AS. Knudsen vil ikkje kommentere kva dette skuldast.

Han svarar slik når vi spør om grepet er gjort for å hindre at merkenamnet Foto Knudsen går med i dragsuget ved ein eventuell konkurs:

— Det kan eg heller ikkje kommentere. Vi har ein prosess no der vi prøver å få til gode løysingar for å kome i normalt gjenge så fort som mogleg.

- Laber stemning

Problema til bedrifta pregar sjølvsagt òg dei rundt 160 tilsette.

— Det er litt laber stemning, men eg trur dei aller fleste er positive. Det er ikkje hysteri, for å seie det slik, seier Britt Nygård som leier Fellesforbundets klubb i bedrifta.

- Så de fryktar ikkje nokon konkurs?

— Vi veit veldig lite korleis det går. Vi veit at det er drøftingar, men vi må halde på trua på at dette går bra til slutt. For det er veldig mange arbeidsplassar som står på spel, og det er ein god arbeidsplass, seier ho.

Førebels har ikkje hennar medlemmer fått problem på grunn av manglande løn i januar, men ho seier dei vil bruke klubbkassa til å hjelpe folk viss dei får problem.

Har slite lenge

FotoKnudsen er eit av dei største selskapa i bransjen her til lands, med Japan Foto og Elite Foto som dei største konkurrentane. I tillegg til fotolaboratoriumet i Fyllingsdalen har Foto Knudsen 23 butikkar rundt om i Noreg. Inntektene til konsernet var i 2011 232 millionar kroner.

Overgangen frå film til digitale bilete har tært hardt på marginane i bransjen. På det meste selde Foto Knudsen 90 millionar bilete. I 2011 var dei nede i 35 millionar.

Seks av dei siste ti åra har enda med underskot for Foto Knudsen, som ved utgangen av 2011 berre hadde 6,2 prosent eigenkapital.

Selskapet har tidlegare lova bankane at eigenkapitalen skulle opp på 20 prosent innan utgangen av 2012. Slik gjekk det ikkje.

— Det ligg i sakens natur at vi ikkje greidde den målsetninga, slik dei førebelse tala for fjoråret ser ut no, seier Knudsen, som ikkje vil seie noko meir om 2012-resultatet.

Ventar på draghjelp

Han seier likevel at det viktige julesalet gjekk rimeleg bra, men at dei sleit med inntektene i august, september og oktober.

I fjor sommar gjekk FotoKnudsen inn eit samarbeid med danske JyFo, som er fem gongar større enn Bergens-selskapet på kamerasal og marknadsleiande i heimlandet.

Planen er mellom anna at danskane skal tilføre arbeid til fotolaboratoriet til Foto Knudsen i Fyllingsdalen. Det har ikkje slått heilt til enno.

— Danskane har hatt ein forsiktig oppstart på prosjektet. Det var forseinkingar i prosjektet, og satsinga på julesesongen vart avdempa for å teste ut at det tekniske fungerte, seier Knudsen.

— Det tekniske er no oppe og står, men vi har ikkje fått det volumet som vi ventar oss framover, seier han.