Den vesle banken på Voss var først av alle dei børsnoterte selskapa med å levere rekneskapstal for 2010.

— Det er 112. gangen vi er tidleg ute, seier banksjef Jan Arveschoug og humrar.

Det drypp på presten

Tala tikka inn onsdag morgon. Og dei syner eit resultat på høgde med det beste banken har levert. Arveschoug meiner bergensarane har stor del av æra for at banken leverer gode tal.

— Dei kjøper hytter her oppe, og framleis er det store utbyggingsplanar. Det er bra for oss at bergensarane er glade i Myrkdalen og Bavallen. Når det regner på presten, drypp det på klokkaren, seier Arveschoug.

Fem mill i utbytte

Banken har stabil kundemasse, både på bedrifts- og personsida, ifølgje banksjefen.

— Det skjer mykje på Voss no, og det merkar vi. Voss har òg fått nokre offentlege tiltakspakkar, seier Arveschoug.

Banken betaler knappe fem millionar kroner i utbytte til eigarane. Ti prosent av banken er eigd av Sparebanken Vest. Voss Sparebank eig like mykje.

— 65 prosent av aksjane er i hendene på vossingane. Mange av dei går i arv, seier Arveschoug.