Topp og botn i Nordfjord? Klikk her eller skroll deg nederst på sida.

Carlson står ved enden av den 185 meter lange skipsmodelltanken som om få veker er klar til utprøving i Måløy. Bak tanken står Stadt Towing Tank AS, der Carlson eig 80 prosent av aksjane.

Han kikkar opp på døra i andre etasje i endeveggen, som skulle binde saman modelltanken med eit nytt bygg som skulle huse eit miljø av unge designarar.

— Eit bygg så oppsiktsvekkjande at folk ville kome til Måløy for å oppleve det, seier Carlson. Minst ti nye arbeidsplassar, i tillegg til lokale for firmaet Nordvest 3D, som alt er etablert i Måløy, med Carlson i ryggen.

Men førebels vil døra i veggen berre ende i lause lufta.

Grunnen er skjerpinga av formuesskatten.

Les også: Redd for dumping

Dumskap og vondskap

— Eit drepande åtak på all investeringslyst, midt under finanskrisa, meiner Carlson om skatteskjerpinga.

Han er omhyggeleg med å understreke at han korkje manglar vilje eller evne til å betale skatt. Det er formuesskatten og verknaden av den som provoserer. Høgare formuesskatt stimulerer til banksparing framfor investeringar.

— Anten er det dumskap eller så er det vondskap. Det kan i alle fall ikkje vere for å få fart på distrikts-Noreg, seier han.

Grunnlaget for Carlsons formue er skipsverftet Båtbygg. Han gjekk ut av leiinga for 16 år sidan, men er framleis største eigar.

No brukar han mykje av tida si til å få i gang nye bedrifter og lokke unge til å busette seg i Måløy. I tillegg til skipsmodelltanken, er han ei drivkraft bak og medeigar i Nordvest 3D (industridesign), Easy Form (freser ut prototypar av blant anna båtar), Best Mould (plastkomposittform-støyperi, lagar former av blant anna prototypar frå Easy Form) og Local Host (IT). Cirka 25 tilsette har bedriftene i dag, og over 30 i løpet av neste år, seier Carlson.

Heller banken

Problemet, slik Carlson ser det, er at han må ut med meir i formuesskatt no, trass i at investeringane hans i Måløy i beste fall ikkje gir inntekter før om fleire år.

Easy Form, som har vore i drift i tre år, har enno ikkje gått med overskot. Carlson, som eig bygget Easy Form leiger, har forplikta seg til ikkje å krevje husleige så lenge Easy Form ikkje tener pengar.

No gjer dei nye skattereglane har Carlson får dobla eigedomsskatten på eigedomen er Easy Form held hus. Det er over 20.000 kroner ekstra berre på den investeringa.

Eit anna reknestykke, som er meir i nærleiken av investeringa i Stadt Towing Tank, viser skilnadene på å setje 30 millionar kroner i banken eller å investere i eit usikkert industriprosjekt som neppe går med overskot dei første åra:

n Med sju prosent rente gir bankinnskotet 1,2 millionar kroner inn i lommeboka, etter at skatt på formue og renter er betalt.

n Før industriinvesteringa eventuelt går med overskot, må investoren ut med ein formuesskatt på 198.000 kroner året. Dessutan krev industriinvesteringa, i motsetnad til bankplasseringa, at investoren brukar tid på å følgje opp prosjektet.

Slik renta er no er bankplassering blitt enda meir freistande.

— Kvifor i all verda skal vi ta risiko når banken betaler seks-åtte prosent rente, spør Carlson.

Ser etter utveg

Ideelt sett burde formuesskatten fjernast heilt. Alternativet er at kvar krone investert i industri gir dobbelt frådrag likningsverdien av formuen, meiner han.

Men Carlson trur ikkje Stortinget vil endre regjeringa sitt framlegg om å auke formuesskatten.

— Dette er blitt symbolpolitikk, seier han.

I staden vil Carlson bruke tid på å finne ein måte å kome rundt problemet med formuesskatten, eller «straffeskatten» for bedriftsutvikling og nyetablering, som han kallar den.

Finn han det, skal planane om eit designsenter takast opp av skuffa igjen.

— Vi skal finne ei løysing, men det er frustrerande å måtte bruke tid og energi på dette, kontra å bruke tida på å hjelpe unge gründerar med etablering av nye bedrifter, seier Carlson.

Kommentarar til saka? Send dei til oss i skjemaet under grafikken.

MEIR SKATT: Likningsverdien av næringseigedom skal justerast opp, og samsvare betre med marknadsverdien. Det betyr meir formuesskatt frå industrianlegget i Blålid ved Måløy, som mellom anna husar den nye skipsmodelltanken. Problemet, slik Carlson ser det, er at skatten må betalast sjølv om bedriftene i anlegget enno ikkje tener pengar og kan betale husleige.
Høvik, Tor
LOKKA TIL MÅLØY: Vegard Åstebøl Larssen droppa jobb i Trondheim til fordel for å byggje opp og leie den nye skipsmodelltanken i Måløy. Larssen seier han neppe ville budd i Måløy utan initiativet frå Gunnar Carlson.
Høvik, Tor