PD (pancreas disease) er ein virussjukdom som råka busspyttkjertelen hos fisk, og hemmar veksten eller i verste fall tek livet av fisken. På det verste har oppdrettsnæringa rekna med at den har tapt ein milliard kroner i året på sjukdomen. Dei økonomiske tapa varierer, alt etter kor alvorlege utbrota er.

Statistikken Veterinærinstituttet har sendt ut i dag viser at det er påvist eller mistanke om PD-smitte i 41 anlegg i Norge i første halvår. Det to færre enn på same tid i fjor, som vart det verste året sidan 2008 – med i alt 88 tilfelle med mistanke eller påvisning av PD-smitte.

PD blussar alltid opp om sommaren, når temperaturen i sjøen stig. Slik er det også i år, 15 av dei 41 PD-tilfella i år er påvist i juni.

Lenge var PD konsentrert til dei to sørlegaste oppdrettsfylka, først og fremst Hordaland, men også Rogaland. Hordaland er framleis verstingfylket, men 20 tilfelle påvist så langt i år. Det er åtte færre enn på same tid i fjor. I Sogn og Fjordane har derimot talet på tilfelle gått frå fire til ni sidan i fjor, slik at Sogn og Fjordane har overteke plassen som nummer to på lista.

Oppdrettsnæringa har sjølv lagt ned mykje arbeid for å reduserer skadeverknaden av PD. Då ein etterlengta vaksine kom på marknaden vona næringa det skulle hjelpe på, men i første omgang var resultat skuffande. Næring sitt eige prosjekt mot PD gjekk så langt å trekkje tilrådinga om å vaksinere fisken. Men ein ny studie av verknaden av PD-vaksinen frå Veterinærinstituttet gjer at verknaden av PD-vaksine kan ha blitt undervurdert. Data frå våren 2007 til våren 2009 viser at vaksine gir utteljing, sjølv om omfanget av påviste PD-utbrot ikkje går ned. Fisk som er vaksinert har både større sjansen til å overleve, og vil vekse betre, sjølv om den skulle bli råka av PD.

Sei meininga di i kommentarfeltet under!