Fleire luktar på fiskekakene
Om dei tilsette i Madam Bergen og Søstrene Hagelin har vore i tvil om nokon er glade i maten deira, treng dei ikkje å tvile lenger. Interessen er stor.
AV: hans k. mjelva
Les også:
Facebook-gruppa som vart opp-retta etter at det onsdag vart kjent at landemerket i Bergen skulle leggjast ned, hadde i går fått over 11.000 medlemmer.
Enno har ikkje eigarane fått noko seriøse tilbod om å ta over bedrifta, seier eigar Knut Galtung Døsvig i Baragruppen.
- Men nå har det vore helg, og det er ikkje akkurat i helgane slikt skjer, seier han.
Manger Seafood
Men det blir tenkt på saka fleire stader. I Manger til dømes, ein halvtimes køyretur nord for Bergen, produserer Manger Seafood fiskemat for 20 millionar i året. Ikkje minst fiskekaker, som blir seld i fleire daglegvarekjeder på Vestlandet.
Dagleg leiar Rune Fanebust vil ikkje kommentere om dei har vore i samtalar med Baragruppen, men stadfester at dei tenkjer på saka.
- Eg synest det er veldig trist det som skjer, så det er klart det hadde vore veldig kjekt å få til noko, seier han.
- Både de og Madam Bergen har fabrikkar som produserer fiskekaker, så her er det vel ein økonomisk logikk i å slå dykk saman?
- Jada, det er klart det alltid er ei moglegheit når ein set seg ned å vurderar situasjonen. Vi vil no la helga gå, og så setje oss ned og vurdere saka, seier han.
Safari
Hjå ein av dei største kundane til Madam Bergen, daglegvarekjeda Safari i Bergen, blir det òg tenkt på løysingar.
- Vi er opptekne av å bringe vidare ei bergensk fiskekake, fordi kundane våre er opptekne av det. Så vi ønskjer å sjå kva moglegheiter som finst for å vidareføre merkevara Madam Bergen og bergenske fiskekaker, seier kjedeleiar Roger Harkestad.
Han seier deira bidrag kan vere leveringsavtalar med dei som eventuelt måtte ta over Madam Bergen. Men dei kan òg gå inn på eigarsida.
- Eg utelukkar at vi kan kjøpe heile bedrifta åleine, men vi ønskjer, anten saman med andre eller dagens eigarar, å diskutere løysingar, seier han.
På Facebook-gruppa «Redd Madam Bergen og Søstrene Hagelin, NÅ!» blir det tatt initiativ til alt frå massebrev til daglegvarekjeder, til kjøp av selskapet.
Bedriftseigar Døsvig er glad for støtta, men meiner den kjem lovleg seint.
- Det hadde vore hyggjeleg viss alle 11.000 åt fiskekaker ein gong i veka, då hadde det kanskje gått betre, seier han.
Kven bør kjøpe opp fiskekakeprodusenten? Sei di meining her:
Les også
Siste fra Økonomi
fakta
- Baragruppen overtok tradisjonsrike Søstrene Hagelin i 1997 og kjøpte Madam Bergen i 1999.
- Produksjonsselskapet fekk namnet Tre Søstre, som bygde ny fabrikk til 30 millionar kroner i 2007. Baragruppen har tapt minst 30 millionar på verksemda dei siste fire åra.
Relaterte bilder
VENTAR: Enno har ikkje eigarane fått noko seriøse tilbod om å ta over bedrifta, ifølgje eigar Knut Galtung Døsvig i Baragruppen. ? Men nå har det vore helg, og det er ikkje akkurat i helgane slikt skjer, seier han. FOTO: Odd E. Nerbø
Mest lest på økonomisiden
Rekrutteringsselskaper
Valutaer, børser og olje
| Valuta | +/- | Siste |
|---|---|---|
|
|
-0,01 | 6,02 |
|
|
+0,00 | 0,84 |
|
|
-0,03 | 7,53 |
|
|
-0,03 | 9,42 |
| Børs | +/- % | Siste |
|---|---|---|
|
|
+0,09% | 392,17 |
|
|
-0,23% | 12 502,43 |
| Olje | +/- | Siste |
|---|---|---|
| Nordsjø | +0,43 | 106,98 |
I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer
Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer
Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer
Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer
Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer
Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer
Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer


