I Norden er det berre islendingane som betaler mindre inntektskatt enn nordmenn viser ein fersk rapport frå OECD.

- Det er ikkje spesielt høgt inntektsskattenivå i Noreg. Internasjonalt ligg vi midt på treet. Slik har det vore lenge, seier LO-økonom Øystein Gjelsvik.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), som omfattar vestlege industriland, Japan og Sør-Korea, har nettopp sendt ut rapporten "Skatt og sysselsetjing". Ein av konklusjonane er at låglønte er den gruppa der skattenivået betyr mest for om dei er i arbeid eller ei. Eit høgt skattenivå, kombinert med tap av gode som til dømes arbeidsløysetrygd, blir eit hinder for å få fleire i arbeid.

Best for låglønte

Det er ein analyse LO deler.

- For sysselsetjinga er det er ein fordel å ha mindre skatt på arbeid. Særleg for dei lågast lønte er det gunstig, seier Gjelsvik.

Men Gjelsvik er skeptisk til å gi låglønte ekstra skattelette.

- Inntektsskatten bør vere nøytral, seier han. Grunngjevinga hans er mellom anna at det er vanskeleg å lage eit skattesystem som er spesialtilpassa låglønte. Og dersom minstefrådraget blir auka – noko som slår sterkast ut for låglønte – vil skatteinntektene bli monaleg redusert, fordi det vil omfatte alle skattytarane.

Vurderer formuesskatten

LO-leiar Roar Flåthen har tidlegare sagt at formuesskatten bør vurderast på nytt. Det er den skatten som gjer at også næringsdrivande med høg formue må betale personskatt.

- Det er lett å få inntekta i null dersom du driv næringsverksemd. Vanlege lønsmottakarar kan ikkje det, seier Gjelsvik.

Kritikarane av formuesskatten meiner den tappar bedrifter for kapital, fordi eigarane må hente ut verdiar for å betale formuesskatt.

LO vil ha ei utgreiing av om formuesskatten bør fjernast.

- Vi må sjå på om det verkeleg er sånn at den er eit hindre for små og mellomstore bedrifter, seier Gjelsvik.

Men skal formuesskatten bort meiner LO det må det skje på ein slik måte at det ikkje svekkjer fordelingsverknaden i skattesystemet, eller reduserer skatteinntekta. Det kan til dømes bety ein skatt på næringseigedom.

Råd til å jobbe deltid

Professor i skatterett ved Handelshøgskulen BI, Ole Gjems-Onstad, peikar på at låglønte omfattar mange som arbeider deltid fordi dei har råd til å la vere å gå i full jobb.

I tillegg til unge ufaglærte som slit med å kome inn i arbeidsmarknaden er det, i følgje OECD-rapporten, deltidsarbeidande der hushaldninga til saman har god inntekt, som er mest følsam for skattenivået.

Gjems-Onstad oppmodar til varsemd når skattenivået i ulike land skal samanliknast. Mellom anna tek ikkje alle samanlikningar (sjå tabell) omsyn til verknaden av arbeidsgivaravgifta,

- Slike samanlikningar er veldig vanskelege, seier han.