I dag tidleg blei Kværner-flagget heist på verftet på Stord. Det innarbeidde Aker-namnet er borte, sjølv om Kjell Inge Røkke-selskapet framleis vil stå som hovudeigar. Verfta på Stord og i Verdal går ut av Aker Solutions for å bli det nye, børsnoterte selskapet Kværner saman med ti utanlandske tidlegare Aker-selskap i utlandet. Til saman dannar det eit utvikling- og konstruksjonsselskap for olje- og gassindustrien med 3100 tilsette, styrt frå Oslo med Jan Arve Haugan som ny sjef rekruttert frå Hydro.

Sceneshow

Namneskiftet blir markert i Plateverkstad 3 på Kværner Stord i dag med sceneshow, matservering, gåveutdeling til dei tilsette, og tale ved administrerande direktør Lars Eide. Også blant dei Kværner Stord-tilsette på Mongstad og Kollsnes skal det nye namnet markerast.

Aker Solutions, som no blir eit reindyrka teknologi- og ingeniørselskap, hadde tenkt å kalla den fisjonerte nyskapningen for Aker Contractors, men har i staden valt å ta fram Kværner-namnet. Kværner har ei industrihistorie i Oslo tilbake til 1853, og blei i 2002 fusjonert med Aker etter at Kjell Inge Røkke overtok det kriseramma konsernet. Aker Kværner skifta namn til Aker Solutions i 2008.

55 år på Stord

Verftet på Stord har hatt Aker på eigarsida heilt sidan 1956, då Fred. Olsens Akers Mek. Verksted kjøpte seg inn. Blant dei Stord- og Verdal-tilsette har det vore motstand mot at Aker-namnet no blir kutta ut. Men ifølgje Aker Solutions' konserntillitsvalte Atle Teigland er det viktigaste at Aker ASA og hovudeigar Kjell Inge Røkke har lova å halda fram med å støtta og investera i verksemdene.

Som leiar for Fellesforbundets verkstadklubb ved verftet på Stord blir Rune Rafdal (48) erstatta av Roar Pedersen (36). Rafdal er valt til ny fellestillitsmann for Kværner.