• TOK STAKKEN PÅ NAKKEN: Bunadskledde mastemotstandere ble fjernet av politiet.

    FOTO: ARNE HOFSETH

  • SER PÅ BILDER: Magnhild Kvanndal Kvamme, studerer pressefotograf Vidar Herre sine bilete frå arrestasjonen. Vidare mot høgre; Tina Kjerland og Ragnhild Laengen, også dei frå Granvin

    FOTO: ARNE HOFSETH

  • STOLT MAMMA: Magnhild Kvanndal Kvamme får augekontakt gjennom sota vindu med den arresterte dotra Synnøve, som blir køyrt bort av politiet.

    FOTO: ARNE HOFSETH

  • ORDEN ETABLERT: Attverande demonstrantar har teke oppstilling utanfor området når helikopteret landar.

    FOTO: ARNE HOFSETH

  • ARBEIDSFOLK KJEM: Kroatiske anleggsarbeidarar toger taust forbi demonstrantar.

    FOTO: ARNE HOFSETH

  • FJERNER TALSMANNEN: Her bæres Magne Hagesæter bort av politiet.

    FOTO: ARNE HOFSETH

Fjerna bunadskledd dame

Magne Hagesæter og bunadskledde Synnøve Kvamme vart fjerna med politimakt, og arbeidet med den omstridde høgspentlina mellom Simadal og Samnanger kom i gang att.

Les også:

Rundt 30 politifolk var sett på oppgåva med å rydda lasteplassen ved Rong på Bordalen for demonstrantar, så Arlift-helikopteret kunne landa.

- Eg er heilt sjokkert over at Staten vil bruka så massiv makt mot fredelege demonstrantar. Vi er ikkje valdelege, og har ikkje dynamitt. Vi er to, dei er tretti! seier Synnøve Kvamme, som organiserte det første fakkeltoget mot mastene som 14-åring. For snart seks år sidan. Ho er overtydd om at Staten manipulerer folk til å tru at Bergen treng straumen, i staden for oljeindustrien.

- Det blir hevda at vedtaket om mastebygging er gjort på demokratisk vis, men då burde saka vore drøfta i Stortinget, i ein open debatt med argument for og mot, seier Magne Hagesæter.

- Er de leie for at de ikkje vart pågripne saman med dei ni andre i går?

Les også

Tidligere SV-topp leier ut hytte til mastebyggerne

Ågot Himle leier ut hytte til mastebyggerne i Hardanger. Håvard Gjerde oppfordrer henne til å betale aksjonistenes bøter.

 

- Nei, dei gjorde i god jobb og hindra arbeidet heile dagen. Det var planen at vi skulle overta i dag, seier aksjonen sin pressetalsperson og fotograf.

Gjenoppretta orden

- De er her ulovleg, og vi er her for å gjenoppretta ro og orden, i dette tilfellet orden, kunngjorde innsatsleiar Gustav Landro frå Hordaland politidistrikt, og gjorde det klart at politiet ville fara fram på mildaste og lempelegaste måte.

Det heile gjekk helst gemyttleg for seg, men med alvoret ikkje langt unna.

Margrethe Jacobsen vassa roleg over på rett side av elva då det massive oppbodet av svartkledde tenestemenn i kvite bilar nærma seg.

- Eg fekk mine fem minutt i går, og blir arrestert på flekken om politiet ser meg på feil side av elva, fortel ho.

Fire andre sa dei ville fjerna seg innan fem minutt, vart registrert og åtvara. Ved neste opphald på anleggsområdet kan dei pågripast utan varsel.

Synnøve Kvamme og Magne Hagesæter vart verande oppe på ein av containarane med mastedeler. Politiet reiste sine medbrakte stigar, løfta dei ned, ein etter ein, og bar dei inn i en ventande minibuss.

Les også

Ni aksjonister arrestert

Ni personer er arrestert etter at de aksjonerte mot mastebyggingen i Hardanger. Blant dem Rødt-leder Turid Thomassen.

 

Stolt mamma

- Eg er stolt av henne. Eg kjende det i magen at det ikkje er så kjekt. Men eg er imponert over at Synnøve har stått på for saka som har engasjert henne sidan ho var fjorten, seier Magnhild Kvanndal Kvamme.

Ho får augekontakt med den arresterte dottera gjennom sota vindauge idet minibussen køyrer forbi, og vinkar oppmuntrande. Frammøte naboar frå Granvin applauderer. Det er ei stolt mor som studerer ferske pressebilete av pågripinga. Synnøve takla situasjonen på ein verdig måte.

Les også

Politi mot demonstranter

Politifolk dro opp i fjellet til mastedemonstrantene i ettermiddag. Fem aksjonister skal allerede være arrestert.

 

- Det er nesten skremmande at Staten har så utruleg mykje makt, kommenterer Magnhild.

Arbeidet i gang

Med demonstrantane ute, kjem Airliftfolk og set opp skilt om anleggsområde. Det hadde mangla til no. Så kjem dei krotatiske anleggsarbeidarane til fots og i bilar frå Rongastovo. Tilsette der seier at kroatane er overraska over politiet si milde framferd mot demonstrantar. Til sist durar også eit helikopter i lufta. Politiet har danna ein jernring rundt anleggsområdet, og kontrollerer all biltrafikk i Bordalen, ovanfor Rio.

Kraftlina er ikkje innom Voss, men Rong er base for mastebygginga frå Bjølsegrøvatn i Kvam kommune, og vestover. Også ved siste kraftutbygginga i Ålvik gjekk helikoptertransporten frå Rong.

Les også

Stopper mastearbeidet

Aksjonister stoppet i morges igjen mastearbeidet i fjellet. Statnett ber dem fjerne seg innen klokken tolv.

 

Si din mening i kommentarfeltet under!

Les også

Siste fra Økonomi

- Vi får ikke fylt bensin

Shell-stasjonene over hele landet sliter på grunn av teknisk feil.

- Facebook vil kjøpe
opp norsk nettleser

Opera kan havne i Mark Zuckerbergs hender, ifølge amerikansk teknologinettsteder.

Denne gjør dem styrtrike

Mens mesteparten av oljepengene går i statskassen, har oppdrettnæringen gjort flere hundretalls familier langs hele kysten styrtrike.

Putin legger press på Statoil-sjefen

Helge Lund fikk klar beskjed da han tilsynelatende var kalt inn på teppet hos Vladimir Putin i går. Putin vil at Lund åpner pengekranen innen en måned, og bygger ut gassfeltet Stockman i Barentshavet.

Alt du sier og gjør, kan og vil bli brukt mot deg. Av Facebook.

Begrepet «What happens in Vegas, stays in Vegas» gjelder på ingen måte for Facebook, skriver Even Teimansen.

Relaterte bilder

FIKK BESKJED: Synnøve Kvamme, før arrestasjonen. Har fatt brev frå Satnett om å fjerna seg.

FIKK BESKJED: Synnøve Kvamme, før arrestasjonen. Har fatt brev frå Satnett om å fjerna seg. FOTO: ARNE HOFSETH

Mest lest på økonomisiden

Valutakalkulator

Rekrutteringsselskaper

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Valutaer, børser og olje

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,01 6,02
 
SEK
+0,00 0,84
 
EUR
-0,03 7,53
 
GBP
-0,03 9,42
Børs +/- % Siste
 
Oslo Børs
+0,09% 392,17
 
Dow Jones
-0,23% 12 502,43
Olje +/- Siste
Nordsjø +0,43 106,98

I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer

Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer

Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer

Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer

Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer

Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer

Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer

Hovedindeks

Dette deler våre lesere på Facebook:

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger