Gerdfinn Eithun

Dei er attgangarar så godt som alle dei 30 på lista over formuestoppane i Sogn og Fjordane. Men det er ikkje berre alderen som er høgare enn ved siste likningsoppgjer. Så vel formue som inntekter veks så det monnar for toppskiktet i likningsoppgjeret i Sogn og Fjordane.

Kystkommunane har langt dei fleste av dei rikaste kvinner og menn i fylkeet. Skilnaden på topp og botn for dei 30 ligg mellom 119.8 og 15.5 millionar i formue. Men "berre" åtte skattebetalarar har tosifta inntektstal, frå toppinntekta på 96.6 til 14.4 millionar før talet kryp under 10 millionar.

Desidert mest velståande er flora-mannen Gudmund Strømsnes som har bygd opp formuen sin på fiskeoppdrett og selde anlegga i fjor. I innlandskommunen Førde er mangemillionæren som lenge har trona på formuestoppen i fylket å finne. Entreprenør Fritz Hjelmeland er no oppe i ein formue på 84.733.000 millionar kroner og distansert seg frå nivøen Frank Magne Hjelmeland som i fjor noterte seg for ein formue på 50,357.000 millionar. Onkel Fritz (62) sit på ei rekkje store, sentrale forretningsbygg i Førde og er ein av hovudaksjonærane i forretningssentret Førde Torg.

Frank Magne gjer det stort i møbelbransjen, trass i stadig sterkare konkurranse.

På tredje og fjerdeplass på formuestoppen smett det inn to industrileiarar. Det er Gunnar Carlsen (52) i Vågsøy, som driv rådgjevingsfirma og Hans Henrik Wergeland i Gulen, mannen som bygde opp sementvarefabrikken Wergeland-Halsvik AS. Gunnar Carlsen trekte seg ut som leiar ved skipsverftet Båtbygg for tre-fire år sidan og sidan hatt privat konsulentverksemd. I tillegg driv han kjøp og sal av eigedomar og har ein samla formue på 71.

Wergeland står oppførd med 58.073 millionar i formue.

Innan fiskeindustrien i fylket toppar brødrene Domstein i Domsteinkonsernet lista. Yngstebror Knut Magne (38) har mest med 52.794 millionar på bok, dernest den mest profilerte av Domstein-brørne, Rolf Steinar (44) med 46.444.000 og operasangaren Gunnar (43) med 45.497.000.

Nedover på lista er kjendisar som Lerumbrørne Kåre (62)og Bjarne Magnar (60), INC-kameratane Oddgeir Ragnar Igland (50), og Per Arvid Nødset (52) med formuar i klassen 20-30 millionar. I gruppa under 20 millionar er m.a. husflid-giganten Hallvard Viken (57) ii Viken Vevstove i Jølster å finne.

Fotballguruen og kjøpmann Rolf Navarseter (50) frå Sogndal litt midt i formuesskiktet i fylket med pynteleg 24 millionar i eige.