Verdien av kvotane har auke med ti milliardar kroner sidan 2005, ifølgje ei vurdering frå skipsmeklar Manfred Janson i Janson Shipbrokers, eit selskap som har spesialisert seg på kjøp og sal av fiskekvotar.

Pris: 95,7 millionar

Janson byggjer vurderinga mellom anna på at børsnoterte Austevoll Seafood i dag har kjøpt 9,79 prosent av Br. Birkeland AS, som eig to ringnotfarty og sju oppdrettskonsesjonar. Etter kjøpet eig Austevoll Seafood 49,99 prosent av selskapet.

Prisen for aksjane er 95,7 millionar kroner, ifølgje Austevoll Seafood.

Seljarane er selskapa Alf Birkeland as og Birkeland Talbor as, som er eigd av familien Birkeland/Ludvigsen.

— Bonanza

Den havgåande ringnotflåten, som har drive fiske på sild, makrell, kolmule og lodde, er den mest lønsame delen av fiskeflåten og nyt nett no godt av gode prisar.

— Vi har ein bonanza. No har vi hatt kjempeprisar på sild og makrell, seier Janson. I tillegg er kolmulefisket på veg tilbake.