Stang er opphavleg utdanna tømrar, men tok seinare grunnfag i samfunnspolitikk, offentleg forvalting, sosialantropologi og historie. Etter nokre år som tømrar, forskalingssnikkar og lærar, tok han til som journalist i Firdaposten i Florø. Her var han også nokre år redaktør, før han blei tilsett i Firda i Førde i 2003.

I ei pressemelding skriv styreleiar for NHO i fylket, Ola Schanke Eikum, at Stang har god kunnskap om næringslivet i fylket, samt kjennskap til dei politiske miljøa. Stang etterfølgjer Karin Helen Halle, og tek til i stillinga seinast 1. februar. Han har for tida fire vekers permisjon frå redaktørstillinga.