TRØYSTA LIGG I AT vekst i arbeidsplassar og inntekter har resultert i enda større vekst i lønsemda (sjå grafikk). Bedriftene har både greidd å vekse og å leggje seg opp kapital. Det betyr at dei har meir å tære på no enn då oppgangen starta. Det er ein fordel om det viser seg at vi får ein nedtur i økonomien.

Her er oppsummeringa av åra 2003-2007 for bedriftene som dannar grunnlaget for Bergens Tidende sin artikkelserie, Jobbskaparane:

  • Talet på arbeidsplassar, opp 34 prosent.
  • Driftsinntekter, opp 96 prosent.
  • Driftsresultat, opp 145 prosent.
  • Resultat før skatt, opp 233 prosent.

DEI 2439 BEDRIFTENE representerer over 80 prosent av bedriftene med over fem millionar kroner i driftsinntekter i Hordaland og Sogn og Fjordane, og hadde i fjor over 130.000 tilsette på heil eller deltid.

Bergens Tidende har snakka med alle bedriftene som er presentert som dei største jobbskaparane og jobb-kuttarane (sjå tabell) i denne serien.

Lista er tydeleg prega av at 2007 er det beste året i arbeidsmarknaden sidan serien starta, i alle fall sett frå arbeidstakarane sin ståstad. Jobbkuttarane er færre, og nedskjeringane er få. I eit par av regionane var det så få jobbkuttarar at vi nøgde oss med å sette berre fem på botn.

MEN ETTER FINANSKRISA i haust er det ingen tvil om at det har skjedd eit stemningsskifte, sjølv om spesielt oljebransje framleis såg lyst på stoda. Sist laurdag fortalde Bergens Tidende om Erling Nesse i Nesseplast i Balestrand, som for to månader sidan var viss på at han skulle utvide anlegget på Bømlo. No er han like viss på at det er lurt å vente, og utbygginga er lagt på is.

Uvissa har auka, og med den kjem varsemda krypande. Samtalane med bedriftene har ikkje avdekt omfattande planar om nedskjeringar, men heller ei avventande haldning. Kanskje ikkje kutt, men heller ingen auke.