Talet på ny arbeidssøkarar i Hordaland har gått kraftig tilbake,seier NAV. Samanlikna med same månad i fjor har talet på nyeregistrerte arbeidssøkjarar gått ned med 48 prosent iHordaland.

— Generelt ser vi at utviklinga på arbeidsmarknaden går ipositiv retning, mellom anna gjennom at stillingstilgangen aukar.Hittil i år har talet på utlyste stillingar auka med 9 prosentsamanlikna med same periode i fjor, seier fylkesdirektør i NAVHordaland Anne Kverneland Bogsnes i ei pressemelding.

Ved utgangen av april var 6365 personar, eller 2,5 prosent avarbeidsstyrken, utan jobb i Hordaland. Dette er ein nedgang på vel6 prosent samanlikna med april i fjor.

På landsbasis ligg arbeidsløysa på 2,8 prosent, ein reduksjon pååtte prosent frå same tid i fjor.

Fleire langtidsledige

Men det er ikkje berre nedgang i arbeidsløysetala. Talet pålangtidsledige, personar som har stått registrert som arbeidsledigehos NAV i meir enn eit halvt år, aukar.

— Sirkulasjonen blant dei nye arbeidssøkjande er no stor. Detteser vi gjennom at mange berre står registrert hos NAV i kort tidfør dei er ute i arbeid att. Men det er eit klårt skilje mellom deisom har vore ledige i tre månader og dei som har vore ledige i eithalvt år eller meir. Når ein har stått utan arbeid i over eit halvtår blir det vanskelegare å komme seg inn att i arbeidslivet. Mellomanna ser vi at enkelte som vart ledige under finanskrisa, framleisut til å slit med å komme seg ut att i arbeid, fortel Bogsnes.

Større nedgang i Sogn og Fjordane

Også i Sogn og Fjordane held den positive utviklinga påarbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane fram. Ved utgangen av april harSogn og Fjordane 1227 heilt ledige, som er ein reduksjon på 13prosent frå april i fjor. Dette tydar at 2,2 prosent avarbeidsstyrken no er heilt utan arbeid i trivselsfylket.

— Mykje av reduksjonen i arbeidsløysa skuldast ei positivutvikling i industri, bygg og anlegg, seier direktør Tore Thorsnesi NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Berre Rogaland med 2,1 prosent, har lågare arbeidsløyse enn Sognog Fjordane.

Kjønnsforskjellane minkar

I Hordaland minkar no forskjellane mellom kjønna påarbeidsmarknaden. Medan kvinnar har opplevd ei auke iarbeidsledigheita på 5,3 prosent, har arbeidsløysa blant menn gåttned med 12,3 prosent. Totalt er 2457 kvinner (1,8 prosent) og 3908(3,3 prosent) menn heilt utan jobb i Hordaland.

I Sogn og Fjordane har arbeidsløysa blant menn gått ned med 17prosent, mens kvinner berre har hatt ein reduksjon på tre prosent.Forskjellen skuldast at arbeidsløysa går ned i mannsdominerte yrkei industri, bygg og anlegg, mens den aukar i kvinnedominerte yrke ioffentleg sektor, meiner NAV.

Ledighet i Hordaland

(% er prosent av arbeidsstyrken i kommunen)

KOMMUNE Ledighet Ledig % Tiltak Tiltak i % Led + tiltak Sum i %
BERGEN 3661 2,60 % 846 0,60 % 4507 3,20 %
ETNE 35 1,70 % x x 35 1,70 %
SVEIO 56 2,10 % 12 0,50 % 68 2,60 %
BØMLO 109 1,90 % 40 0,70 % 149 2,60 %
STORD 279 3,00 % 57 0,60 % 336 3,70 %
FITJAR 26 1,80 % x x 26 1,80 %
TYSNES 31 2,30 % 8 0,60 % 39 2,90 %
KVINNHERAD 187 2,80 % 21 0,30 % 208 3,10 %
JONDAL 8 1,60 % 5 1,00 % 13 2,70 %
ODDA 58 1,60 % 30 0,80 % 88 2,50 %
ULLENSVANG 26 1,40 % 4 0,20 % 30 1,60 %
EIDFJORD 12 2,30 % 4 0,80 % 16 3,00 %
ULVIK 20 3,60 % x x 20 3,60 %
GRANVIN 18 3,70 % x x 18 3,70 %
VOSS 113 1,60 % 17 0,20 % 130 1,80 %
KVAM 90 2,10 % 11 0,30 % 101 2,30 %
FUSA 56 2,80 % 10 0,50 % 66 3,30 %
SAMNANGER 17 1,40 % 7 0,60 % 24 1,90 %
OS 217 2,40 % 69 0,80 % 286 3,10 %
AUSTEVOLL 29 1,30 % x x 29 1,30 %
SUND 94 2,90 % 25 0,80 % 119 3,60 %
FJELL 310 2,60 % 79 0,70 % 389 3,30 %
ASKØY 276 2,10 % 96 0,70 % 372 2,80 %
VAKSDAL 49 2,50 % 12 0,60 % 61 3,10 %
MODALEN 4 2,10 % x x 4 2,10 %
OSTERØY 78 2,00 % 14 0,40 % 92 2,40 %
MELAND 91 2,60 % 15 0,40 % 106 3,00 %
ØYGARDEN 72 3,30 % 22 1,00 % 94 4,30 %
RADØY 98 3,90 % 11 0,40 % 109 4,30 %
LINDÅS 182 2,40 % 38 0,50 % 220 2,90 %
AUSTRHEIM 39 2,70 % 10 0,70 % 49 3,40 %
FEDJE 8 2,80 % x x 8 2,80 %
MASFJORDEN 14 1,70 % x x 14 1,70 %

Ledighet i Sogn og fjordane

(% er prosent av arbeidsstyrken i kommunen)

Kommune Ledige % Endring fra 2010
Flora 204 3,3 -80
Gulen 20 1,7 -2
Solund 9 2 1
Hyllestad 22 3 -9
Høyanger 55 2,5 -50
Vik 18 1,3 -3
Balestrand 15 2,1 6
Leikanger 10 0,9 4
Sogndal 49 1,3 -4
Aurland 22 2,4 13
Lærdal 18 1,6 -8
Årdal 61 2,1 6
Luster 34 1,4 2
Askvoll 33 2,2 10
Fjaler 12 0,9 -14
Gaular 22 1,5 -1
Jølster 17 1,1 -10
Førde 116 1,7 -28
Naustdal 20 1,4 -23
Bremanger 74 4,1 -30
Vågsøy 125 4,2 5
Selje 64 4,6 26
Eid 75 2,4 17
Hornindal 6 0,9 0
Gloppen 38 1,3 -13
Stryn 94 2,5 15
FYLKET 1227 2,2 -178
RIKET 71995 2,8 -6295