Reduksjonen i den totale tilførselen vil bli på fire prosent i høve til i fjor.

Årsaka er dei store sjukdomsproblema i Chile. Verdas største oppdrettsselskap melder om halvering av eigne leveransar frå Chile i år, og varslar at selskapet nesten ikkje vil sette ut fisk i sjøen i Chile i 2009.

Sjukdomsproblema auka Marine Harvest sine tap i Chile i første halvår i år i høve til i fjor. Men problema i Chile gjer truleg at selskapet aukar løn-semda andre stader. At tilførselen av laks krympar er truleg ei forklaring på stigande lakseprisar i år.

Gode prisar lyftar fortenesta for Marine Harvest i Noreg, Canada og Skottland. Selskapet fekk eit resultat før skatt på 344 millionar kroner i førte halvår i år, mot eit underskot på 620 millionar kroner i første halvår i fjor.

Driftsinntektene auka frå 6,4 milliardar kroner i første halvår i fjor til 7,2 milliardar kroner i første halvår i år.