Det er selskapets tre år gamle program for overskotsdeling som gjer ei ekstra månadsløn mulig.

— Vi gjorde det i fjor ikkje så godt som i 2009, men betre enn budsjettert. Det er grunnlaget for utbetalinga. Det er fint å kunna dela overskotet med dei folka som har gjort dette mulig, seier administrerande direktør Sveinung Hansen i Wärtsilä Norway, som har hovudtyngda av sine tilsette på Bømlo og Stord.

Dårlegare enn 2009

Overskotsdelinga baserer seg på resultatet til både det verdsomspennande finske konsernet og det norske selskapet, hundre prosent eigd av Wärtsilä Technology Oy AB.

Sveinung Hansen, som i 2009 hadde ei årsløn på 1,5 millionar kroner, er ikkje omfatta av denne overskotsdelinga. Han vil ikkje røpa nøyaktig resultat for Wärtsilä Norway for 2010, men seier det ligg under 2009 då resultatet før skatt var på 194 millionar kroner av ein omsetnad på knapt 2,9 milliardar.

Fleire ordrar

Skipsmotor- og servicekonsernet med 17.500 tilsette opplevde i fjor at nykontraheringar av skip tok seg raskare opp etter finanskrisa enn forventa, ifølgje konsernsjef Ole Johansson.

— Ordrane til Wärtsilä Ship Power meir enn dobla seg i fjor i forhold til 2009. Vi ventar ytterlegare betring i sal og forteneneste i 2011, seier Johansson.

— Vi ser også at marknaden dreier i ein litt meir positiv retning, seier Sveinung Hansen.