— Ei ulukksaleg sak, seier administrerande direktør Tore Nepstad i Havforskingsinstituttet.

Sjukdomssmitta torskeyngel frå Havforskingsinstituttet i 2006 var avgjerande for at Nærøysund i Florø gjekk over ende tre år seinare, meiner både banken og dei tidlegare eigarane - med dagleg leiar Karl-Petter Myklebust i spissen.

Striden om kven som hadde ansvaret for konkursen har gått føre seg heilt sidan Nærøysund gjekk blei slått konkurs. I fjor stemna banken og dei tidlegare eigarane staten, ved Fiskeri- og kystdepartementet, med krav om 45 millionar kroner i erstatning. Havforskingsinstituttet er underordna departementet.

No har partane blitt samde om eit forlik.

Ber om orsaking

Ifølgje søksmålet hadde Havforskingsinstituttet alt i 2006 klare teikn på fiskesjukdommen francisellose ved instituttet sitt yngelanlegg i Parisvatnet i Øygarden. Likevel vart det seld yngel til Nærøysund, utan at oppdrettsselskapet fekk informasjon om risikoen – noko Sparebanken Sogn og Fjordane og dei tidlegare eigarane meiner Havforskingsinstituttet burde gitt.

I forliket seier staten seg lei for konsekvensane saka har fått.

— Vi skulle informert om at vi hadde hatt smitte i anlegget. Det vare ein svikt hos oss at vi ikkje informerte om det, seier Nepstad.

Nepstad seier erfaringane frå Nærøysundsaka har fått Havforskingsinstituttet til å betre rutinane sine for å dokumentere og informere om tilstanden ved yngelsal.

Knekt under krisa

— Det er tilfredsstillande å kome i mål og få aksept for det vi hevda heile tida, men det er skuffande at vi har måtta bruke fire år, seier Karl-Petter Myklebust.

Han er fornøgd med forliket, sjølv om erstatninga berre dekkjer banken sitt krav.

I dag er han dagleg leier for marknaden rundt Nordsjøbassenget i Ocea, ein utstyrsleverandør for oppdrettsnæringa. Fram til konkursen dreiv han eitt av dei eldste og mest velsette torskeoppdrettsselskapa i landet.

Sjukdomsutbrotet gjorde at selskapet måtte slakte ned midt i ei krisetid for torskeoppdrettarane. Den nedturen kom ikkje selskapet over. 2. oktober 2009 vart selskapet slått konkurs.

Alt før konkursen krangla oppdrettsselskapet og Havforskingsinstituttet om ansvar og erstatning, utan å bli samde.

Etter konkursen kom Sparebanken Sogn og Fjordane, som hadde lånt ut 36 millionar til Nærøysund, med på laget.