— Skal du ha krise i den europeiske gassmarknaden om sommaren så må du slå av mykje meir enn gasseksporten frå Noreg og mykje lenger enn ei veke, seier Karen Sund. Ho er grunnleggjar og leiar for analyseselskapet Sund Energy, som mellom anna overvakar gassmarknaden i Europa.

Sund trur verknaden av ein lockout som stoggar norsk olje- og gasseksport vil gi ein liten prisoppgang både på olje og gass, men ingen mangel på gass.

— No er det veldig mykje gass i lagera, den jamne hushaldninga vil ikkje merke noko, sjølv om det blir lockout, seier Sund.

Ho trur på ein mindre prisoppgang både for olje og gass. Men ho fryktar ikkje at Noregs omdømme som påliteleg gassleverandør er i fare, så sant marknaden får god informasjon om kva som skjer.

4,9 milliardar tapt

Sund Energy har vurdert kva konsekvens full stans på sokkelen får for Noreg som gassleverandør. Vurderinga er gjort på oppdrag frå dei streikande fagforeiningane, Industri Energi, Safe og Lederne, men Sund seier svaret ville blitt det same uansett kven som hadde spurt.

Etter Sund Energy sin vurdering ser det førebels ut til at det først og fremst er Noreg og oljeselskapa som blir råka.

Ei veke utan gasseksport gir 4,9 milliardar kroner i tapte inntekter, heiter det i rapporten.

Men gasskjøparane i Europa kan nyte godt av at lagersituasjonen i Europa er god, mellom anna fordi forbruket har falle i høve til tidlegare år, og fordi det finst gass frå andre leverandørar å få tak i, både via rør og frakta på skip.

Dessutan har billeg kol gjort at det blir brukt mindre gass enn vanleg til produksjon av elektrisk kraft.

Storbritannia, som produserer gass på sin sokkel, har så mykje gass at landet sjølv eksporterer til kontinentet.

Noreg mindre viktig

Ifølgje Sund har gassmarknaden endra seg sidan 2004, då regjeringa sist tok i bruk tvungen lønnsnemnd for å stogge ein arbeidskonflikt på sokkelen.

I dag har europeiske gasskjøparar fleire strenger å spele på. Dessutan er avtalen mellom den største leverandørar, Statoil, og den største kjøparane av norsk gass, det tyske energiselskapet Eon, endra slik at Statoil kan kjøpe og levere gass frå andre leverandørar om det ikkje er råd å levere gass frå Norge.

Omsynet til gasseksporten og Noreg sitt rykte som påliteleg gassleverandør har vore, og er, viktig for regjeringa si avgjerd om arbeidskonflikten på sokkelen skal stoggast med tvungen lønnsnemnd eller ikkje.

For fagforeiningane har det vore viktig å unngå at streiken råkar gassproduksjonen og gasseksporten, nettopp for å unngå tvungen lønnsnemnd.

Usamde arbeidsgivarar

Arbeidsgivarane er usamde med Sund Energy sine vurderingar, men har ikkje sjølve gjort ei vurdering av korleis mangel på norsk gasseksport slår ut frå straks lockouten er eit faktum.

— Vi er verdas nest største gassleverandør. Det synest eg er bevis nok på at det blir dramatisk viss vi stoggar våre leveransar til Europa, seier informasjonssjef Eli Ane Nedreskår i Oljeindustriens Landsforening (OLF).

Fredag varsla OLF full lockout på sokkelen frå natt til tysdag, etter at til saman 708 medlemer i Industri Energi, Safe og Lederne har vore ute i streik sidan søndag for to veker sidan.

Kjernen i konflikten er striden om pensjonsvilkåra til dei tilsette på sokkelen. Skal dei som går av med førtidspensjon som 62-åringar framleis få ekstra pensjon fram til dei når vanleg pensjonsalder og full pensjon, eller ei? Ifølgje fagforeiningane står det om rundt 80.000 kroner i året.

Nedreskår vonar konflikten snart blir avblåst.

— Vi kryssar framleis fingrane og håpar regjeringa vil gripe inn på den eine eller andre måten, seier Nedreskår.