I februar sette Høgsterett ein stoppar for regjeringa sine planar om å krevje inn 14 milliardar kroner i skatt frå reiarlaga.

Dette var prisen reiarlaga skulle betale for å få nye skattereglar, med skattefritak frå 2007, slik som konkurrentane i andre land kunne nyte godt av.

Omstridd skattefritak

Dei 14 milliardane var skattekrav reiarlaga hadde opparbeidd seg under den førre ordninga, pengar dei aldri hadde rekna med å måtte betale så lenge eigarane let pengane liggje i reiarlaga.

Skattefritaket i 2007 var omstridd i regjeringa. Kravet om at reiarlaga måtte ut med 14 milliardar vart sett på som eit kompromiss frå dåverande finansminister Kristin Halvorsen for å få nok oppslutnad om framlegget.

Men reiarane protesterte, og meinte kravet var ulovleg. Striden gjekk heilt til høgsterett, som gav reiarane medhald: Vedtaket i 2007 er i strid med grunnlova sitt forbod mot at lover skal få tilbakeverkande kraft.

Kva med gjelda?

Men dommen svarte ikkje på spørsmålet om kva som skal skje med den gamle skattegjelda.

I dag kom svaret: Reiarlaga kan takke ja til å betale eit langt mindre beløp, og bli ferdig med saka. Seier alle ja betyr det fire milliardar kroner å betale, fordelt på tre år. Dei som takkar nei, slepp også å betale skatt i framtida, men får ikkje betale utbytte før gammal skattegjeld er gjort opp.

— Her går regjeringa inn for ein regel som den sjølv åtvara mot i 2007, skriv adm. dir. Sturla Henriksen i Norges Rederiforbund i ei pressemelding.