Stord-verftet skal byggja og levera dekk og bruer til ConocoPhillips si nye 2/7 S-plattform på Eldfisk-feltet like sør for Ekofisk, 300 kilometer frå norskekysten. Fabrikasjonen startar tidleg neste år, og vil gje verftet og ein stor del av dei 1600 tilsette arbeid i to år.

— Endeleg, seier Akers informasjonssjef på Stord, Odd Naustdal, glad og letta over at det denne gongen lukkast for offshoreverftet. 2010 blei eit svart år i så måte for Aker Stord, som tapte nybyggkontraktar verd 15 milliardar kroner til koreanske Hyundai (Goliat), singaporske Sembcorps Marine (Ekofisk), spanske Dagrados (Jasmine) og norsk Aibel (Gudrun).

Aker Solutions vil straks gå i gang med planlegging og engineering av det nye oppdraget. Kontraktstildelinga skjer på vilkår av at Stortinget seinare i vår godkjenner ConocoPhillips og partnarane sin Plan for utbygging og drift (PUD).

Det er ein såkalla EPC-kontrakt Aker Stord og Aker Solutions har signert med oljeselskapet. Det inneber alt frå planlegging og innkjøp til fabrikasjon og ferdigstilling.

Plattformdekket til 2/7 S-plattforma er sett saman av ein kombinert bustad- og utstyrsmodul, og ein kombinert brønnhovud- og prosessmodul. Totalt vil dekket vega 15.500 tonn.

I tillegg gjeld kontrakten bygging av to bruer, brustøtte og flammetårn.

Planlagt plassering av ny Eldfisk 2/7 S-plattform på feltsenteret, broforbindelse via ny kombinert brostøtte og flammetårn over til eksisterende Eldfisk 2/7 E.
Eldfisk 2// S (til venstre) vist sammen med en oppjekkbar borerigg med boretårnet skjøvet inn over Eldfisk 2/7 S-plattformen.