Ifølgje ei pressemelding har Elkem Bremanger fått løyving til eit nytt anlegg for produksjon av tilsetjingsmateriale til støypejarnindustrien.

Materiala får fram dei rette eigenskapane i støypedelar som blir brukt i ei rekkje produkt, frå hushaldningsartiklar som steikepanner til vindmøller og bilar.

Investeringa er den største på 25 år innanfor støyperiområdet. Anlegget skal stå ferdig i år.

Verksdirektør Robin Ephithite ved Elkem Bremanger Støperiprodukter seier investeringa er med på å sikre framtida og arbeidsplassane i Svelgen.

NY STØYP: Elkem Bremanger investerer.
ØYSTEIN TORHEIM (ARKIV)