Skatt vest,som dekkjer Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, fekk i fjor inn meldingarom over ein milliard kroner som folk har ståande i utlandet.

Eitskatteamnesti gjer at rikingane slepp straffeskatt og fengsel. Dei må i stadenbetale opp til 1,1 prosent i formuesskatt, i tillegg til eventuell 28 prosentinntektsskatt.

1,1 prosentskatt

Sidanordninga med skatteamnesti vart kjend i 2008 har Skatte vest totalt etterliknaformue på 5,5 milliardar kroner. I tillegg kjem inntekter på 385 millionar.

— Ordningahar gjeve etterlikna skatt for staten på cirka 60,5 millionar kroner iformuesskatt og circa 121,2 millionar kroner i inntektsskatt. Og dette er berresaker i region vest, seier underdirektør Anna Kirkeluten i Kontroll- ogrettsavdelinga i Skatt vest.

Rike, gamlemenn

Kirkelutenfortel at dei som ber om amnesti kan delast inn i fire grupper:

• Folk somarvar ein konto i utlandet, som dei ikkje visste noko om før far døydde.

• Folk somnærmar seg eit generasjonsskifte, og som vil gjer opp slik at ikkje nestegenerasjon arvar problemet.

• Folk somtidlegare har budd i utlandet og ikkje har teke med seg heile formuen inn tilNoreg.

• Folk somønskjer å gjere opp for gamle synder, gjerne fordi dei ser at risikoen for åbli oppdaga har blitt større.

— Den storemengda av dette er godt vaksne menn, over 60 år, seier Kirkeluten.

I snitthandlar sakene om seks millionar kroner. Dei fleste ligg mellom 0,5 og 20millionar, men Skatt vest har òg hatt nokre langt større saker, utan atKirkeluten vil nemne summar.

Handelsfolk

Dei allerfleste som legg korta på bordet har jobba i bransjar som driv handel medutlandet, med import eller eksport. Det finst få døme på folk som har driveordinære verksemder i Noreg.

— Vi har godoversikt over pengar som går ut og inn av landet, så her må det vere pengar somer skapt i utlandet og som ikkje har vore innom Noreg, seier ho.

Dei størstesakene om hemmelege utlandsformuar i norsk historie har handla om skipsreiarar,som Bergen har ein del av. Den yrkesgrupper er òg blant dei som no har nyttaseg av amnestiet.

Frå Sveitstil Hongkong

Noko som harauka pengefolkets lyst til å fortelje skatteetaten om pengar dei har lurt unnai utlandet, er at Noreg samarbeider med mange av skatteparadisa.

I alt harNoreg no avtalar om informasjonsutveksling med 29 skatteparadis, der etaten kanfå opplysningar om nordmenns kontoar frå styresmaktene.

Landa somkjem oftast opp i Skatt vest sine saker er Sveits, Luxembourg, Isle of Man,Jersey, Cayman Island og Hongkong.

Risikererfengsel

Dei som melderfrivillig frå om skjulte formuar eller inntekt blir ikkje meld til politiet,seier Kirkeluten.

— Men er detsett i verk kontrolltiltak som kan avdekkje forholdet, eller skattekontoret kanfå opplysningane frå andre, til dømes politiet, er ein for seint ute, seier ho.

I så fallrisikerer syndaren ikkje berre solide bøter men òg fengsel.

-Rettspraksis syner at å lure unna skatt på 1 million kroner kan gje straff utanvilkår på minimum eit år, seier Kirkeluten.