• Oppdrettsnæringa må gjennom ei omfattande endring før den blir større.

Deler av kysten må bli heilt fri for oppdrett, foreslår ekspertutval leia av tidlegare fiskeridirektør Peter Gullestad. På oppdrag frå Fiskeridepartementet har utvalet vurdert oppdrettsnæringa sin arealbruk, og korleis det kan bli plass til vekst i produksjon av oppdrettslaks.

Men i første omgang meiner utvalet at oppdrettsnæringa ikkje må få blir større før den har vore gjennom ei omfattande endring. Kysten skal delast i store soner, med store oppdrettsfrie område mellom for å kjempe mot sjukdom og lakselus.

Utvalet gjer også framlegg om å innføre klarare krav til miljø— og fiskehelse. Dersom oppdrettarane i eitt område ikkje greier å halde seg innafor krava må produksjonen reduserast.

Fiskeri- og kystdepartement sender framlegget frå utvalet ut på høyring. Du kan lese rapporten frå utvalet her.