Se topp og botn i Sunnhordland nederst i saka eller her.

Den kjensgjerninga gjer heile verda til arbeidsplass for Wärtsilä Norway sine serviceingeniørar. Berre denne månaden har John Robert Grønås (40) jobbreiser til så vel Ågotnes og Løfallstrand som Spania og Brasil.

— Ein utruleg fascinerande jobb som eg gler meg til kvar dag og som stimulerer eventyraren i meg. Vi får oppleva nye stader og annleis kulturar på andre måtar enn når ein reiser på ferie, seier Grønås.

Serviceingeniørane utgjer ein viktig, men liten del av Wärtsilä Norway. Den finske kjempa har vakse seg opp i ryggen på Aker som største arbeidsgivar i Sunnhordland.

Påverka av krisa

Med sommarens oppkjøp av skipsdesignselskapet Vik-Sandvik i Fitjar for oppsiktsvekkjande ein milliard kroner, har Wärtsilä Norway passert 1100 tilsette. Det skjer 22 år etter at konsernet kjøpte kriseramma Wichmann motorfabrikk på Bømlo.

— Vi har nådd våre førebels mål for organisk vekst, og vil i 2009 ha fokus på integrasjon og utvikling av medarbeidarane, seier personal- og organisasjonsdirektør Geir Ove Sele.

Wärtsilä-konsernet er påverka av at finanskrisa har dempa aktiviteten i skipsbyggingsindustrien, vedgjekk konsernsjef Ole Johansson på Bømlo-besøket sitt i september. Som ei direkte følgje av finanskrisa er bygginga av ein ny Wärtsiläs-fabrikk på Stord lagt på is.

200 reisedøger

Serviceingeniør John Robert Grønås frå Bømlo hadde over 200 reisedøger i fjor. I år har han fått litt betre tid til familie (kone og tre døtrer på 2, 6 og 8 år), golf, hjortejakt og gamle motorsyklar.

— Eg mista ein del av den første tida saman med minstejenta på grunn av all reisinga. Men eg prøver å vera veldig fokusert på det å vera heime når eg er heime.

Det Grønås finn fascinerande er å kunna stella med dingsar og innretningar, få ting til å sviva rundt, kopla og starta elgeneratorar med straumproduksjon nok til å kunna forsyna Bergen by.

— Ingen dagar er like, du veit aldri kva neste dag bringer når telefonen ringjer, seier Grønås, som også er koordinator for Wärtsilä Norway sine 35 serviceingeniørar i automasjonsfaget.

690 volt

— Dette er hovudtavla, ei 690-volttavle laga av våre folk i fabrikken på Stord, forklarar John Robert Grønås, med kollegaene Magne Bøe og Tor Inge Amdal ved si side.

Vi er i djupet av nybygget «Troms Castor». Offshorefartøyet er snart ferdig utrusta ved Hellesøy Verft i Kvinnherad. I eit tilsynelatande virvar av kablar og panel har Wärtsilä-folka i oppgåve blant anna å syta for styring og overvaking av elkrafta som muskuløse båtmotorar produserer via nesten like store generatorar.

«Troms Castor» er eit dieselelektrisk fartøy drive av fire motorar, som i dette tilfellet ikkje er av Wärtsilä-fabrikat. Dei har som oppgåve å produsera straum til el-motorane levert av Wärtsilä som driv båten og er kopla opp mot fem propellanlegg via frekvensomformarar som også er eit Wätsilä-produkt frå Stord.

— Vår jobb er mellom anna å sy saman styrestraumen og sjekka signalgangen til kontrollpanela, og vidare inn til det vi kan kalla sentralnervesystemet og kraftstyringssystemet, forklarar John Robert Grønås.

Polske elektrikarar

Om bord må Wärtsilä-ingeniørane rett som det er kommunisera med nokre av dei mange polske elektrikarane som utfører sjølve elektroinstallasjonen.

Eitt dekk høgare oppe stoppar Grønås, Bøe og Amdal i skipets kontrollrom. Herfrå skal maskinsjefen via ein dataskjerm overvaka og styra alle driftsfunksjonane. Oppe på brua er installatørane i sluttfasen med kabeltrekking til ei rekkje panel og konsoll.

— Gjer ikkje all elektronikken moderne skip veldig sårbare?

— Det er gode reservefunksjonar, såkalla redundans, med dobbelt sett av alt, blant anna spenningsforsyning. I utprøving av styringssystema tek vi høgde for alle typar hendingar som kan inntreffa, svarar John Robert Grønås.

— Testprosedyrane kan gjerne vera dokument store som romanar der det er lagt inn mange ulike scenariar. Prosedyrane les eg gjennom før eg reiser på oppdrag.

Sjøsjuk

Rundt ein femdel av Grønås sine oppdrag blir utført på skip som er i fart. Sjøsjuk har han vore berre ein gong.

— Vi gjekk ut frå Kristiansund, og det bles opp til full storm. Då måtte eg leggja meg nedpå, seier han.

John Robert Grønås er utdanna elektromontør, gruppe L «pluss ein godt utvikla forvitskap på korleis ting verkar». Etter eitt år på sjøaspirantskule i Bergen kopla han om til elektrolina ved yrkesskulen på Rubbestadneset, Bømlo.

40-åringen har prøvd seg som både tømrar og matros i fjordafart. Han har vore elektromontør på terminalanlegg som Kollsnes, Kårstø og Gardermoen flyplass. Frå 2000 til 2004 var han tillitsvalt på heiltid for El- og It-forbundet i Aker Elektro, og kom i 2006 til Wärtsilä frå Aker Elektro-avleggjaren Asator.

John Robert Grønås valte Wärtsilä ikkje fordi selskapet er så sterkt forankra på Bømlo, men fordi han fatta spesiell interesse for skipselektronikk, og fordi han meiner selskapet er teknologisk offensivt.

— Det er utruleg givande å vera blant dei første til å trykkja start på eit nytt konsept i full skala.

Deisz Ørjan
Deisz Ørjan
Ørjan Deisz