Passeleg med vatn, passeleg med sol. Slikt blir det gode plommer av, oppsummerer fruktbonde Opedal frå Lofthus.

- Det er nok eitt av dei betre årene på lenge, viss ikkje det beste. I fjor hadde eg åtte tonn med plommer, og det blir atskilleg meir i år, seier Opedal, som er midt i innhaustinga.

Steinfrukta med det aromatiske fruktkjøtet har i år vakse seg både diger og smakfull. Fruktbøndene i Hardanger kjem med glosar som liknar rekordar.

- Det har vore eit eksepsjonelt godt år og kvaliteten er flott. Som fruktbonde må eg sei at det har vore bra med mengde, seier Asbjørn Lutro, også han frå Lofthus.

Doblar mengda

På andre sida av fjorden blir det også hausta godt. Fruktlageret Hardanger Fjordfrukt i Utne peikar på ein dobling av mengda med plommer.

- I fjor låg me på rundt 160 tonn med plommer. No ser det ut til at me kjem opp i 320. Det er nok bløminga og ein varm sommar som er skuld i det, seier Leif Øie, dagleg leiar.

ny versjon.jpg
Odd E Nerbø

Han reknar med at omsetnaden passerer 60 millionar kroner i år, opp nærare ti frå i fjor.

- Det er ein luksussituasjon, for etterspurnaden er større enn det me klarar å tilby. Folk er blitt bevisste på norsk frukt og Bama tar skikkeleg ansvar i høve distribusjonen, rosar Øie.

- Kva med epla?

- Det er flotte eple i årets sesong, men eit middels år. Kvaliteten er god, men dei er litt små.

Attende i Lofthus har den kalde vinteren også påverka epla og pærene til fruktbonde Opedal. Båe er mindre i størrelse, men jamvel gode.

- Eit normalår for dei så langt, seier Opedal.

Supermaskin

Om ei vekes tid skal han hausta inn både Gravenstein og Sommerred, for så å levera dei til Ullensvang fruktlager. Her merkar dei godt at plommesesongen verkeleg trår til.

- Det har vore over all forventing. Me ligg godt over fjoråret allereie, og har passert 260 tonn med plommer. Me nærmar oss kanskje ein rekord, seier dagleg leiar Sigbjørn Brusletto.

Det er utruleg spennande å vera fruktbonde , Asbjørn Lutro

Nytt av året er også ei nymotens sorteringsmaskin frå Italia, som tek bilete av plommene og sorterer dei etter fargegrad og størrelse. Denne har rett og slett fått køyrt seg godt i sesongen.

- Plommene har vore veldig store og flotte, og nesten blitt for modne for fort. Litt verre er det for epla, som endå er litt små. Men dei kjem snart og blir større etter kvart, seier Brusletto.

Opp mot 100 produsentar leverer til fruktlageret i Ullensvang. Deretter blir frukta frakta av garde til Bama og Ica. I fjor låg omsetnaden på nærare 35 millionar kroner, og Brusletto ventar tal på opp mot 40 i år.

Spennande yrke

På sitt tjuande år som fruktbonde ser Asbjørn Lutro attende på ein sesong som enno ikkje er ferdig, men som er like artig å følgja kvart einaste år.

- Det er utruleg spennande å vera fruktbonde, seier Lutro.

Sol og varme, eller frost og kulde. Ørsmå variasjonar kan ha stor innverknad på sluttproduktet.

- Vinteren med frost og tele kan påverka mykje. Sjølve bløminga er ein vesentleg fase og inntreff på ulike tidspunkt, alt etter kor høgt over havet ein er. Når fruktsetjinga er gjort, så kan ein tola mykje løye vêr. Men rette forhold under seinsommaren er også viktig, seier Lutro.