Meland kommune har gitt etter i ein prinsippstrid med Frekhaug Vinduet AS om eigedomsskatt på produksjonsmaskineri.

I Kvinnherad er det kommunen som har sigra rettsleg over seks bedrifter som gjekk til sak mot eit vedtak om utvida skattlegging av næringseigedom.

Norske Trevarefabrikkers Landsforbund stemna Meland kommune på vegner av Frekhaug Vinduet for å få ei prinsippavgjerd om kva som skal reknast som takstgrunnlag for eigedomsskatt på industri, offisielt omtalt som verk og bruk.

— Vi ser det rundt om i kommunane at innleigde takstfolk tek med produksjonsutstyr i takstgrunnlaget, maskineri som er kome inn i verksemdene lenge etter at bygget er reist. Vi har fått gjennomslag for at det etter lova ikkje skal skje, seier Tore Gran, bedriftsrådgjevar i Norske Trevarefabrikkers Landsforbund.

Tvisten er no ikkje lenger aktuell for behandling ved Nordhordland tingrett.

  • Vi er glade for det, og håpar at andre bedrifter også slepp denne skatteauken. Det er ikkje tale om store summar, men ei viktig prinsippsak, seier Arne Dyngeland, administrerande direktør for Frekhaug Vinduet.

Dei seks bedriftene som gjekk til sak for å få erklært eit vedtak i Kvinnherad kommunestyre ugyldig, får ikkje behandla saka ved Sunnhordland tingrett. Fristen for søksmål var gått ut.

Vedtaket i kommunestyret kom 28. februar i år, og innebar maksimal eigedomsskatt - sju promille - for næringseigedom alt frå inneverande år. Oppfølgingsvedtaket kom etter at kommunestyret 17. desember i fjor vedtok å innføra generell eigedomsskatt for heile kommunen.