Det nye fartøyet skal også ha motorar med gassdrift, og gjer Bømlo-reiarlaget til verdas største offshoreselskap med gassdrivne skip.

Båten kostar 440 millionar kroner og skal byggjast av Kleven Maritime i Ulstein på Sunnmøre for levering hausten 2012. Den skal spesialutstyrast for operasjonar i nordområda. Tidligare i år bestilte Eidesvik eit tilsvarande fartøy hos Kleven, og får dermed ein flåte på i alt fem gassdrivne offshoreskip.

Så langt i år har selskapet hatt ein inntektsnedgang frå 964 til 793 millionar kroner i høve til samme periode i 2009.