I ei tid då mjølkekvotar blir selde, heile saueflokkar går til slakteriet og malinga flassar frå stadig fleire driftsbygningar utan dyr, har gardbrukaren i Sunnfjord sett i gang eit gigantisk nydyrkingsprosjekt.

— Motivasjonen min er at vi må snu trenden. Eg ønskjer å erstatte noko av jordbruksarealet som går ut av produksjon. Vi må ta til å investere i framtidig matvareproduksjon i dette landet, for før eller seinare vil vi bli nøydde til det, seier den 57 år gamle gardbrukaren.

Heilt ulønsamt

I Dvergsdalsdalen, under Grovabreen, meir enn 400 meter over havet, blir eit myrlendt og vasstrekt landskap forma om til dyrka mark. Der budeiene på Dvergsdalsstøylen og Myklebuststøylen i tidlegare tider lokka på kyrne, skal store landbruksmaskiner i framtida hauste grønt gras.

— Det vi gjer her er nyttig, men slik situasjonen er for landbruket i dag er det heilt ulønsamt. Så det ligg mykje trass og staheit i det. Men det er moro òg. Eg er av den typen som kan dra opp her tidleg om søndagsmorgonane og leggje meg på kne for å sjå om graset spirer.

Nydyrkingsområdet på 200 dekar er større enn eit vanleg vestlandsbruk. Ifølgje Firda Tidend har Dvergsdal sett i gang det største dyrkingsprosjektet i Jølster gjennom alle tider. Arealet han tok til å dyrke opp for to år sidan, høyrer til fire bruk. Dvergsdal har sjølv hand om det eine. Med dei tre andre eigarane har han inngått leigeavtaler for 20 år. Først neste år vil heile arealet vere klar til hausting.

— Om vi reknar sjablonmessig på det, er kostnaden kanskje 10.000 kroner målet. Så det blir investert eit par millionar i ulønsam produksjon.

Opp 400 prosent

Steinar Dvergsdal har ei fortid som ein av toppane i norsk landbruk. I fleire år var han styreleiar i Felleskjøpet og Norsk Landbrukssamvirke. Då han gav seg, sa han i eit intervju at han skulle heim å dyrke jord.

Og sjølv om nydyrkinga han har drive på med dei siste åra ut frå ein bedriftsøkonomisk tankegang er rein katastrofe, trur Dvergsdal at vi i framtida vil bli nøydde til å dyrke mat på den jorda vi har.

— Før var det overproduksjon av landbruksvarer og prisane gjekk stadig nedover. Men i 2008 steig kveiteprisane på Chicagobørsen med 400 prosent. Vi kom i ein situasjon der norsk korn var billegare enn utanlandsk. Danske bønder fekk dobla literprisen på mjølk. Land som er mellom dei ivrigaste til å snakke om fri handel, stengde grensene for utførsel av matvarer. Det som skjedde var ein forsmak. Før eller seinare vil det kome ei bryting der det blir uaktuelt å avvikle jordbruksareal.

Moralsk ansvar

Eit stadig aukande folketalet på jorda krev større produksjon av matvarer. Store folkegrupper i folketunge område som Asia, har fått velstandsvekst dei siste tiåra. Dei forbrukar andre varer, og dei brukar meir energi. USA er døme på eit land der stadig aukande del av kornavlingane blir brukte til å produsere energi.

— Japan og Sør-Korea er døme på to land som nyttar omtrent alt dei har av landbruksareal. Om vi skal sjå globalt på det, burde kanskje eit rikt land som Noreg teke eit større etisk og moralsk ansvar for at verda slit med å produsere nok mat.

Største fjøsen

Snøen ligg framleis i store fenner i fjellet. Mot breen skimtar vi i blåisen. Berget ligg nake att der Grovabreen har trekt seg tilbake. Blåbæra er knapt modne.

— Så høgt vi er no, er vi i randsonen for landbruk. Før var det slik at bruka her i dalen hausta berre ein gong i året. Med dei milde vintrane vi har hatt siste åra, har det blitt slått to gonger. Men det knip ofte.

I ei skråning grev gravemaskinføraren seg djupt ned til sanden under myrjorda. Teknikken dei brukar for å dyrke opp den vassjuke jorda i Dvergsdalsdalen er ny. I staden for storstila grøfting blir myrane drenerte slik at vatnet renn mot opne kanalar. Så langt har teknikken vist seg å fungere. Første arealet som var ferdig dyrka, slo dei i sommar for andre gong.

Frå 14 til tre

Fôret skal Dvergsdal bruke i eit fellesfjøs som tre brukarar har gått saman om å byggje i Dvergsdalen. Samdrifta slår 14 gardar, og førte for nokre år sidan opp ein driftsbygning med plass til 270 storfe. Og sjølv om Steinar Dvergsdal er ein av bøndene som er med på å drive det som er ein av dei største fjøsane i Sogn og Fjordane, er han eigentleg mot så store einingar.

— Etter mitt syn burde vi hatt ein landbrukspolitikk som gjorde at det gjekk av å leve av eit bruk med 20 mjølkekyr. Ja, mindre enn det òg.

— Er du ein idealist?

— Eg er ein person som alltid har likt å vere bonde. Eg har brukt 17 år av livet mitt til å kjempe for norsk landbruk, så eg er nok veldig idealistisk av natur.

Kva meiner du om norsk landbrukspolitikk?

NYDYRKAR: Gardbrukar Steinar Dvergsdal starta nydyrkingsprosjektet i Dvergsdalsdalen i 2010. Neste år er målet at 200 mål skal kunne haustast. Han har kjøpt inn maskinene sjølv, men har hatt ein person tilsett som gravemaskinkøyrar.
ODDLEIV APNESETH