— Eg har lært at det er viktig å ha litt feitt flyte på for å møte dårlegare tider. Vi prøver mest mogeleg å vere vår eigen bank, smiler oppdrettsveteranen i Nordfjord.

Som hjå dei fleste andre i oppdrettsnæringa, strøymer millionane inn for K. Strømmen Lakseoppdrett AS i Rugsund. Selskapet hadde i fjor eit resultat på nær fem millionar kroner av ein omsetnad på femti.

Det sikrar stødige inntekter og solide formuer for Kristen Strømmen og etterkommarane hans.

Men slik har det ikkje alltid vore.

Eksporterte med tap

Kristen Strømmen starta som den første i fylket med lakseoppdrett i 1972, og har drive i bransjen kontinuerleg sidan. Han har bygd opp familiverksemda, og konsekvent stått imot oppkjøparar, sjukdom og andre farar utanfrå. Siste knekken var for tre-fire år tilbake, da bransjen opplevde lakseprisar som innebar reint tap.

— Når vi sende ut trailerlass med fisk brukte vi å seie at «der reiser sytti tusen kroner i tap». Vi tapte masse pengar.

Det var på denne tida at mange av dei uavhengige kollegane hans valde å kaste korta, og selge seg ut til større aktrar.

— Dei selde da det var på det dårlegaste, og fekk betaling i aksjar som var svært lite verd. Heldigvis kom det aldri så langt med oss.

Nei til Pan Fish

Og så seint som for eit par veker sidan var Pan Fish på døra og forhørte seg om eit oppkjøp. Men Strømmen takka nei, allereie før han hadde høyrt kor mykje giganten ville tilby for familiefirmaet.

Strømmen opplever at selskapet sikrar familien ei trygg inntekt, sjølv om dei langt frå er blant dei rikaste i bransjen. Det finst viktigare ting.

— Sjå på oss, vi er ei lita bygd her, med skule, barnehage og butikk. Eg føler at å selgje ut, det ville vere å legge ned bygda, seier 80-åringen. - Det kjem ikkje på tale. Det viktigast er ikkje å ha millionar på bok, men at det er liv og røre i bygda.

I dag har Kristen Strømmen overlete dei fleste funksjonane og eigarpostane til neste generasjon. Men framleis sit han stom styreformann i selskapet, og han er dagleg innom kontoret for å følgje med.

Alle tenar pengar

Også dei fleste andre i næringa har grunn til å smile. Gode tider gjev overskot i firmarekneskapet, og viser også igjen på inntekt og formue hjå aktørane.

— Det går veldig bra. I år seier eg at alle tener pengar, kjem det resolutt frå Hans Inge Algrøy, leiar i Vestnorsk Havbrukslag. - Det er hyggeleg å sjå at også dei små gjer det godt.

— Og da er det utbyttefest blant eigarane?

— Mange tek nok ut ein del, men dei fleste pløyer verdiane tilbake i selskapet, meiner Algrøy. - Eg vil i alle fall ikkje at dette skal framstå som ein bransje der eigarane frasmstår som bajasar som rullar seg i melk og honning. Dette er i all hovudsak nøkterne folk, til beste for kysten og samfunnet.

GRAND OLD OPPDRETTSMANN: Kristen Strømmen (80) har drive lakseoppdrett i over 30 år, og opplever gode tider. - Sjå på oss, vi er ei lita bygd her, med skule, barnehage og butikk. Eg føler at å selgje ut, det ville vere å legge ned bygda, seier han.
Øystein Torheim