• 19. mai i år evakuerte Statoil 89 personar frå Gullfaks C-plattforma i Nordsjøen.
  • Grunnen var at gass strøymde ukontrollert opp frå brønnen. Produksjonen vart ikkje teken opp att før etter to månader.
  • Statoil har nettopp varsla at produksjonen på feltet blir redusert, for å få betre kontroll over trykktilhøva. I førre veke vart boreoperasjonane innstilt inntil vidare.