Lefdal Mine Datacenter (LMD) har kjøpt 67 prosent av det statseigde Greenfield Datasenter som er planlagt bygt i Fet utanfor Oslo.

— Dette betyr at vi slår saman to av dei beste og største norske datsenterprosjekta og går vidare saman, seier Mats Andersson, talsmann for LMD.

Frå konkurranse til kontroll

Dei to prosjekta i Ytre Nordfjord og ved Oslo har fleire gonger blitt sette opp mot kvarandre. I Nordfjord har frykta vore at det statleg eigde eigedomsselskapet Entras sterke engasjement for prosjektet på det sentrale austlandsområdet, ville stikke kjeppar i hula for planane om å bruke den nedlagde olivingruva i Lefdalsbygda.

Men i sommar blei det kjent at dei to hadde innleia eit samarbeid. Og med dagens oppkjøp kontrollerer LMG dei to største datasentersatsingane i landet.

— Noreg vil bli ein stor datasenternasjon. Vi har alt som skal til, seier Andersson.

Sikre og billege

I framtida vil det ikkje spele nokon rolle kvar serverar og utstyr står. Kundane ser etter datasenter som er sikre reint fysisk, og der det er god og trygg tilgang på elektrisk straum. I dag er det 700 kraftkrevjande datasenter her i landet. Desse skal inn i større løysingar der det blir brukt langt mindre straum. Prisen på drift vil for mange kundar kunne halverast.

— Eg meiner vi her i landet kan tilby Europas grønaste, mest kostnadseffektive og sikre løysingar, seier Mats Andersson.

Medan Greenfield Datasenter har profilert seg mest mot den nasjonale marknaden, har LMG satsa sterkare internasjonalt. Planane for å etablere eit datasenter i dei enorme gruvegangane på nordsida av Nordfjorden, har det vore jobba med svært lenge. No er dei ifølgje Mats Andersson svært nær å nå målet.

Europa, USA og Asia

— Vi er no i sluttforhandlingar med tre store kundar. Det å kjøpe så store mengder plass i eit datasenter, er ikkje noko som bedrifter tek stilling til over natta. Vi håpar å ha ei avklaring på plass før nyttår. I så fall kan bygginga ta til i vinter. 18 månader etter byggjestart skal vi vere operative, seier Andersson.

Ifølgje ei pressemelding om LMGs kjøp av Greenfield, er dei i dialog med store selskap både i Europa, USA og Asia.

STORT. KJEMPESTORT: Sjekk korleis firmaet viser korleis dei tenkjer seg anlegget i animasjonsfilmen.
Local Host/Lefdal gruve
INNE I GRUVA: Vegane inne i gruva er breie som riksvegar.
Øystein Torheim