Klosterfjorden

Torsdag viste det høgst spesielle og norskutvikla fartøyet sine eigenskapar i Klosterfjorden i Sunnhordland. Publikum representerte verdas rikaste kundar — 20 internasjonalt leiande oljeselskap.

Oljelastingsfarkosten Hiload manglar enno sin første kunde. Men Stavanger-investor Jon Gjedebo (65) seier at han trur første ordren kjem i år.

Gjedebo er med sitt Hitec-selskap hovudaksjonær i firmaet bak nyvinninga - Remora ASA, som hittil har investert rundt ein milliard kroner i det som kan erstatta tradisjonelle offshore lastebøyar.

Som sugefisk

Det første laste— og lossefartøyet - bygt av Aibel i Haugesund - blei demonstrert og døypt HiLoad DP 1 i maksvêr på Klosterfjorden.

Sjampanjeflaska var gjenstridig før gudmor Torunn Lange Gjedebo (65) endeleg greidde å knusa henne mot skutesida. Ektemannen Jon Gjedebo var berre eit stort smil og gjentok «fantastisk, fantastisk» etter kvart som han såg at Hiload-en fungerte slik det var tenkt.

På få minuttar manøvrerte farkosten seg enkelt inn mot tankskipet «Tana» si skuteside og saug seg fast under botnen. Nett som ein type småfisk syg seg fast i kval og hai. Derav Remora - det latinske namnet for sugefisk.

Med sitt sugeprinsipp kan Hiload lasta og lossa olje direkte frå oljeproduksjonsskip eller oljetankskip ute på feltet, sikrare og meir effektivt enn via lastebøye, ifølgje oppfinnarane.

Ti år

Det har gått snart ti år sidan ideen om eit nytt oljelastesystem materialiserte seg i gründerselskapet Remora. Det er sprunge ut av Hitec-miljøet i Stavanger, med oppfinnar Claes Olsen (44) i spissen.

Prosjektet har kosta meir og teke lengre tid enn planlagt. I fjor kom Remora ASA til eit forlik i valdgiftsretten med Aibel-verftet om byggjekostnaden på farkosten.

Men før jul 2010 kunne Det Norske Veritas godkjenna prototypen HiLoad DP 1 som eige fartøy, og sjøtestar kunne gjennomførast.

— Vi har ikkje tenkt oss Nordsjøen, først og fremst. Mest aktuelt er kysten utanfor Vest-Afrika og Brasil, seier Remoras administrerande direktør Peder E. Farmen (43) om marknadsutsiktene for lastefartøyet.

— Nordsjøen er litt for vêrhard, seier Jon Gjedebo.

Blant gjestene på demonstrasjonen i Klosterfjorden var marinearkitekt Anderson Christino Da Silva frå det brasilianske oljeselskapet Petrobras.

— Systemet ser ut til å virka godt. Men vi må ha tid på oss til å vurdera om det kan fungera i våre farvatn, som kan ha vanskelege bølgje- og straumforhold, seier Da Silva.

Følg skipstrafikken her!

Kva syns du om skipet?