— Heimekommunen min hadde berre ein ting å tilby meg, og det var å låse meg inne. Men eg har vore så mykje innelåst, eg får frykt i meg av det.

Dette seier 26 år gamle Rune Sæbø frå Stord, rusmisbrukar på tiande året. Etter fleire behandlingsforsøk i Danmark etter Minnesotamodellen, har han kome til lege Geir Flatabø i Ulvik. Her har han fått neurofeedback-behandling i to år. No har han busett seg på plassen, og håper å finne ro.

I LØPET AV DEN FØRSTE TIDA med neurofeedback greidde han å slutte med heroin. I dag får han beroligande medisin, men er involvert i eit nedtrappingsprogram. Før han begynte hos Flatabø, hadde han eit langt kriminelt rulleblad. Dei to siste åra har han ikkje vore involvert i noko kriminelt.

Rune si historie er typisk for mange rusmisbrukarar. Han hadde konsentrasjonsproblem i skulen, hadde dysleksi, vart mobba og var svært rastlaus som følgje av hyperaktivitet (ADHD). Mange rusmisbrukarar har denne diagnosen. Indre uro fører ofte til søvnproblem som forsterkar uroa og gir angst. Rus dempar uroa, men fører til forsterka problem når rusen er ute av kroppen.

— Teoretisk sett kan neurofeedback brukast til å betre alle tilstandar der nervesystemet er involvert. Det første studiet som blei gjort blei utført med kattar som lærte bort epileptiske krampar. Seinare viste det seg at også menneske ved hjelp av trening kunne få herredøme over eigne problem. Ein unngår kjemiske stoff og biverknader som følgjer med.

FLATABØ HAR PRAKTISERT NEUROFEEDBACK sidan 1999. Metoden går kort sagt ut på at pasienten får festa elektrodar til hovudet som blir avlese av ei datamaskin. Dataskjermen viser grafiske bilete av den elektriske aktiviteten i hjernen delt opp i tre forskjellige hjernerytmefrekvensar. Pasienten speler dataspel på ei maskin som er kopla til legen sin skjerm. Hjernerytmebølgene teiknar eit mønster som viser for høg, eller for låg aktivitet. Hos hyperaktive pasientar gir spelet poeng som stimulerer til meir bruk av dei rette hjernebølgefrekvensane.

— Andre behandlingsmetodar, som medisin og ernæring, kan gi like gode resultat som neurofeedback, men fordi neurofeedback er ein lært prosess, vil han vere varig, seier Flatabø.

NEUROFEEDBACK FINST IKKJE SOM vanleg tilbod i Norge i dag, og Flatabø er ein av svært få legar som praktiserer behandlinga. I løpet av fire år har han behandla om lag 20 rusmisbrukarar. Minst tre av dei er heilt rusfrie i dag. Studiar frå USA viser derimot at 80 prosent av rusmisbrukarane som fekk neurofeedback, fortsatt var rusfrie etter tre år.

— Forskjellen er at dei amerikanske pasientane får behandling inne på institusjon, og dei er avrusa når dei kjem dit. Eg har ingen institusjon, og mine pasientar er heller ikkje avrusa når dei startar behandlinga. Det eg gjer blir dessverre veldig halvgjort med dei begrensa ressurasene eg har, seier Flatbø.

— Likevel meiner du det er rett å gi denne behandlinga?

— Eg meiner det er uetisk å ikkje gi slik behandling når eg veit kor gode resultat det gir. Pasientane blir kvitt russuget sitt, og dei får ei rekkje positive biverknader. Det viser seg også at det går bra så lenge dei er i Ulvik, men så snart dei kjem tilbake til miljøa sine igjen, går det ofte gale. Eg kan ikkje anna enn å beklage at myndigheitene ikkje satsar meir på å vidareutvikle tilbodet, seier Flatabø.

I DAG KOSTAR DET 400 KRONER per behandling, i tillegg til at rusmisbrukarane gjerne reiser lange avstandar for å kome til Ulvik. Det blir såleis store kostnader for dei som må reise kvar veke.

— I dag er det truleg HSD og NSB som tener best på at eg har dette tilbodet, avsluttar Flatabø.

DATA HJELPER: - Heimekommunen min hadde berre ein ting å tilby meg, og det var å låse meg inne. Men eg har vore så mykje innelåst, eg får frykt i meg av det, seier 26 år gamle Rune Sæbø frå Stord, rusmisbrukar på tiande året. FOTO: RUNE SÆVIG